Nokre saker er likevel for viktige til at dei heilt kan leggjast ned i skuffa. Ei av desse er saka om Etne Kulturhus.
Når AP v/Siri Klokkerstuen går ut i Grannar den 14. desember og klagar Etne Frp generelt, og fylkestingsrepresentant Oddvar Tvedten spesielt, for å ha skulda for at leigeavtalen for Etne vidaregåande skule vart dårlegare/kortare enn Klokkerstuen hadde tenkt seg, er det på sin plass å koma med nokre fakta.
I samband med planar om å byggja Etne Kulturhus (EKH), sende administrasjonen i Etne kommune i si tid eit ønske til Hordaland fylkeskommune om å få ein leigeavtale med fylket om Etne VGS i Etne Kulturhus. Den skisserte leigetida vart sett til ti år, med opsjon på fem nye år. Administrasjonen på fylket tok til å arbeida med saka, og politikarane i Helse- og Opplæringsutvalet på fylket fekk saka til behandling.
På grunn av den lange leigeavtalen som var skissert i avtaleutkastet, og på bakgrunn av den pågåande diskusjonen om fylker og regionar, kom Helse- og Opplæringsutvalet til det resultat at det korkje er ynskjeleg eller politisk forsvarleg å gå inn for så lange avtalar som var skissert, – dels på grunn av den lange leigeavtalen som er skissert, ein har aldri gått inn på så lange leigeavtalar, – og dels på grunn av at ein ikkje veit kva som vil skje med inndeling av fylker og regionar og tilhøyrande driftsansvar for vidaregåande opplæring.
Det kan i denne samanhengen også vera på sin plass å sjå på samansetjinga av Helse- og Opplæringsutvalet i fylket, som er dei einaste politikarane i fylket som har behandla saka. I dette utvalet har Ap, Høgre og Frp tre representantar kvar, medan KrF, RV, Sp og SV har ein kvar.
Då saka om leigeavtale for Etne VGS på EKH var oppe til handsaming i komiteen, var det ein samrøystes komité som gjekk inn for den lengda på leigeavtalen som var framme til politisk handsaming i Etne kommunestyre den 12. desember 2006. AP sine tre representantar i Helse- og Opplæringsutvalet gjekk altså inn for den lengda på leigeavtalen som Siri Klokkerstuen skuldar Etne FrP for å ha forma ut.
Korleis kan då Klokkerstuen klandra Etne FrP og vår fylkespolitikar, Oddvar Tvedten, for det hennar eigne meiningsfeller har gått inn for? Endå meir spesielt vert det når me veit at Tvedten ikkje sit i denne komiteen og såleis ikkje har vore med og handsama saka. Kvifor kjem Klokkerstuen med uærlege påstandar i Grannar om at me i Etne FrP har sabotert lengda på leigeavtalen for Etne VGS?
Nokre sanningar i lettfatteleg utgåve: Etne FrP går ikkje imot EKH, men me går imot at Etne kommune skal finansiera dette når me veit korleis det står til med kommunale vegar, korleis det står til med kommunale eigedomar (t.d. Etne tinghus og gymnastikksalen ved Enge skule), korleis ein slit med å få råd til å opna drift i alle avdelingane på Etne Omsorgssenter og korleis Etne Ap v/Siri Klokkerstuen sende 2006-budsjettet for Etne til fylkesmannen for godkjenning fordi ein «ikkje hadde råd til» å halda oppe Rygg skule. Nokre månader etter går så Siri Klokkerstuen inn for å løyva tre millionar i direkte tilskot, og går inn for å auka Etne kommunes årlege driftsbudsjett med minimum 1,2 millionar.
Etne FrP har ikkje i noko organ motarbeidd Etne VGS slik som Amund Enge gjekk ut med i Grannar den 16. oktober: «Eg forstår ikkje at folk frå Etne skal vere mot at det blir satsa på den vidaregåande skulen i Etne».
Heilt til slutt. Berit Rafdal stod fram etter møtet på Markhus og jubla for vedtaket om å gå inn for EKH, fordi «Etne Samfunnshus» var så nedslite. Kvifor var det så nedslite? Kva gjer ein med private hus når dei vert slitne i t.d. bordkledningen? Reparerer ein og byter ut, eller tek ein opp lån for å byggja nytt hus?
Etne Samfunnshus tok for meir enn 25 år sidan opp lån på om lag 4,5 millionar kroner og seinare eit lån på om lag ein million for ferdiggjering.
Etter å ha motteke om lag ni millionar frå Etnemarknaden gjennom 25 år, sit ein visstnok framleis med ei gjeld på om lag ein million.
Hadde det ikkje vore litt meir edrueleg at Etne kommune gjekk inn med eit lån eller ein liten stønad slik at Etne Samfunnshus kunne setjast i stand, framfor å binda kommunen til årleg driftsauke på to millionar (A. Enge i Grannar, 16. oktober 2006)?
Når fleirtalet i kommunestyret no har gått inn for å vera med i den økonomiske løysinga for EKH, får me berre vona at Etne kommune ikkje vert sitjande med eit endå større økonomisk blylodd kring beina om nokre år. Når me frå før har 100 millionar i gjeld er det lett og rekna ut at ein prosent auke i renta åleine gjev eit tillegg i driftsutgiftene på ein million kroner i året.
Ordføraren ser sjølv ut til å vera klår over at det er ein økonomisk risiko, slik han ordlegg seg i Grannar den 16. oktober: «Enge ser at kulturhuset får eit problem dersom leiga skulle opphøyre etter seks år, og at kommunen i ein slik situasjon kan bli dratt inn i det».
Neste gong ein får hug til å kritisera Etne FrP vonar me at ein kan halda seg til fakta, og ikkje freista å tilleggja oss synspunkt som ein deretter går til åtak på.
Oddvar Tvedten, fylkestingsrepresentant for FrP
Audun Namtvedt, gruppeleiar for Etne FrP