Me må få lov til å minna om intensjonsplanen, vedteken i begge kommunestyra, som peikar på at «av distriktspolitiske omsyn er det viktig å velja eit kommunesenter som kan ha utviklingspotensiale i konkurranse med andre sentra i regionen.» Kor lenge skal denne nye kommunen ha sentrums-funksjonane spreidde utover? Det er fristande for politikarar å velja kortsiktige, relativt smertefrie alternativ for å prøva å gjera alle til lags, men er det ansvarleg å leggja opp til ein ny sentrumsdebatt om eit par år?
Intensjonsplanen seier vidare: «Kommunesenteret skal innehalda kontor til ordførar, og rådmann med stab» og at «eksisterande kommunal bygningsmasse i Vindafjord og Ølen skal nyttast så langt det er praktisk og økonomisk mogleg.» Me tillet oss, fordi me reknar oss som part i saka, å vera med i tolkinga av dette vedtaket:
Kva som er «praktisk og økonomisk mogeleg», treng ikkje vera synonymt med kva som er praktisk og økonomisk. Me vil hevda at det er upraktisk med ei PP-teneste i Vikedal, det er heller ikkje meir økonomisk. Det finst kommunal bygningsmasse til rådvelde i Ølen, og sjølv om kommunehuset i Ølen ikkje stettar alle HMT-krav, kan ein likevel bruka det midlertidig, til PPT eller til andre tenester. Er ikkje også Vikedals-lokaliseringa mellombels? Likeså har ein eksisterande kommunal bygningsmasse der tekniske tenester no er lokalisert.
Kort sagt: Alle veit at det beste ville vera å ha PPT-kontoret i Ølen, helst saman med skule/barnehage-staben. Det har alt komme fram nok av argument og signal som underbyggjer dette. Alle veit og at det går an å få dette til, dersom viljen er til stades og prestisjen ikkje får overtaket.
Samfunnsdebatten i dag dreier seg i rimeleg stor mon om skule og barnehage. Reformar og kvalitetsutvikling er to sentrale stikkord. Derfor er det vanleg og naturleg at dei som har tettast band etter lovverk, barnehagelov og opplæringslov, kan jobba i lag om skule- og barnehageutvikling i den nye kommunen. Kan ein leggja vekt på dette i ei lokaliseringstenking, vil ein ha kome langt i arbeidet med å utvikle den nye kommunen: Ikkje berre i retning noko større, men også noko kvalitativt betre. Kommunen konkurrerer om fagfolk i ei spesialisert teneste som PPT. Med sentral plassering vil ein lettare både rekruttera og behalda kvalifiserte fagfolk, og dei kostbare og verdifulle menneskelege ressursane kan bli brukte på teneste-yting, ikkje på transport. Dessutan kunne ein på sikt få bygd opp eit pedagogisk senter, noko som lenge har vore ein draum i begge kommunane.
Medlemmene våre er klare til å bretta opp ermane og ta eit ekstra tak for at barn og unge i den nye kommunen skal få det best mogelege tilbodet, også i økonomisk tronge tider, men me forventar å bli tekne på alvor og bli høyrde i ei sak som i så sterk grad berører arbeidet vårt.
For Utdanningsforbundet Ølen/Vindafjord
Thorleif M. Svanæs
Per Molland
hovudtillitsvald