Ope Etnemeisterskap i bordtennis

Klubben skal for første gong arrangera ei turnering i bordtennis, og skal kåra den første […]

Klubben skal for første gong arrangera ei turnering i bordtennis, og skal kåra den første Etnemeisteren. Det skal spelast på Sørstranda Grendahus førstkommande laurdag føremiddag. Puljespel vil og garantera deltakarne minimum tre kampar kvar. Kvar kamp blir spela best av tre sett, og kvart sett går til 11 poeng. Det vil bli spela i tre ulike klassar. Opp til 11 år, 12 til 15 år og frå 16 år og oppover. Fire bordtennisbord står klare til å ta i mot alle dei som vil prøva seg mot andre frå distriktet, så får me sjå kven som stikk av med den første Etnemeisterskapstittelen. Og har du ikkje racket sjølv, kan du få låna hos oss.