Opna ballbingen med song i kuldegradar

Ballbingegutane – Steinar Åsheim, Terje Ersland, Emil Haugland, Karsten Hustveit, Tommy Espevoll og Edvin Marvik […]

Ballbingegutane – Steinar Åsheim, Terje Ersland, Emil Haugland, Karsten Hustveit, Tommy Espevoll og Edvin Marvik – har fått kallenamnet sitt for sin innsats under byggjeprosjektet av ballbingen, og vart heidra med blomster og stort applaus frå elevrådet, skulen og alle frammøte.
Varaordførar Reidar Håvås hadde æra å stå for den offisielle opninga av ballbingen.
— Eg må innrømma at det er nesten litt flaut frå kommune si side at me ikkje kunne støtta prosjektet og berre kjem for å opna ei ferdig ballbinge, innrømte han i talen sin.
Til dei frammøte foreldra og ungane sa varaordføraren at innsatsen og dugnadsarbeid under ballbingeprosjektet ved Imsland skule er eit symbol på ei levande og aktiv bygd. Dette stemde med refrenget til songen som sjuandeklassingane ved Imsland skule hadde dikta sjølve.
— Du skal få vera med til Imslandssjøen og bade, du skal få vera med i ballbingen vår! song dei unge koristane i kuldegradene. Skuleelevane og barnehagen framførte ei rekkje flotte songar som skapte varm og avslappa stemning for alle som var til stades. Kvelden vart naturlegvis avslutta med ei fotballturnering mellom alle klassetrinna.