Opna med festfotball

Fotball, 5 div, menn, avd 04. Vats – Ferkingstad 6-1 (5-1) 0-1 Ferkingstad spelar (5. […]

Fotball, 5 div, menn, avd 04.
Vats – Ferkingstad 6-1 (5-1)
0-1 Ferkingstad spelar (5. min)
1-1 Rune Lindanger (16. min)
2-1 Kjetil Ohm (28. min)
3-1 Kenneth Frøland (29. min)
4-1 Svein Tore Haraldseid (30. min)
5-1 Tore Berakvam (45. min)
6-1 Kenneth Frøyland (63. min)
Om lag 30 tilskodarar
Dommar: Sjur Eide, Grannekam
Gule kort:
Ferkingstad spelar

Det er lenge sidan det har vore så bra festfotball på Vats stadion. Til tider hadde ikkje Ferkingstad ballen i det heile, og Vats kunne kjøre over dei med mange mann i angrep. Men det var Ferkingstad som opna best. Etter nokon jamspelte minutt etter at dommaren hadde sett kampen i gong, fekk Ferkingstad frispark kring 20 meter frå Vatsmålet. Her vart det krangling mellom keeper og ein Ferkingstad spelar heilt inne ved målstreken, der Ferkingstad-spelaren trakk det lengste strået. Men Ferkingstad fekk berre halde på leiinga i rundt ti minuttar då Rune Lindanger, som var ein av banens beste spelarar, skaut ballen frå kring 20 meter hardt i mål på eit frispark. Og frå dette hadde ikkje Ferkingstad knapt ein einaste sjanse. Vats 94 kunne klarere ut i frå forsvar gong på gong, og det gjekk heile tida løp ut på kantane då Vatsspelarane kom i angrep. Då det berre var gått ein halvtime av kampen pungterte Vats 94 kampen heilt. På tre minutt klarte dei å scora tre mål, og stillinga var då 4-1. Fleire knallharde skot på mål kom, og Ferkingstad-keeperen hadde ingen sjanse til å ta imot ballane. Det siste målet kom då Bjørn Bakkevold kom på eit raid på høgrekanten og fekk lagt inn der fleire Vatsspelarane stod i kø for å setje ballen inn. Ferkingstad sleit med å kome i angrep, og Vats 94 vann fullt fortent 6-1 og tok då steget rett til topps i avdelinga.
Aggressive gultrøyer
Gjennom heile kampen sto Vats 94 på, og gav seg ikkje før kampen vart blåst av. Då stillinga vart 6-1, og det endå var ein halvtime igjen å spele, var ikkje kampen avgjort for gultrøyene sin del. Dei kjørte på angrep på angrep, og det kunne fort blitt eit tosifra tal på Vats 94 si resultattavle.
— Det var jo kanonspel utpå banen i dag, seier ein kjempestolt trenar for Vats 94 Arne Sakarias Tveit. Han legg ikkje skjul på at det er noko med aggressiviteten i laget som får dei til å ha kontroll gjennom heile kampen.
— Det viser at me vil noko, og me har alltid mykje folk i angrep. Det ser jo då veldig lovandes ut! Me får mål på sjansane våre, noko som me har slite med i treningskampane. Arne Sakarias Tveit var spent på dagens oppgjer om korleis Ferkingstad var. Både Vats 94 og Ferkingstad har gjort det bra i oppkjøringa til seriestarten, derfor var det ekstra spanande å sjå korleis seriestarten på Vats stadion skulle utvikla seg.
Vats 94 har nå fått inn ein ny spelar utanfrå ved namn Rune Lindanger. Han kjem frå Skjold IL og har mykje 3. divisjons erfaring, noko som han fekk vist på fredagens kamp med sin enorme teknikk og fart, som blei godt brukt i angrepet. Også nye juniorar som er tatt opp til A-laget fekk vist god innsats på banen fredag kveld.