LVNG AS i Bergen er på jakt etter ein kommune som vil gi klarsignal til eit endå større anlegg enn det Jan Helge Helander og Vikebygd Industripark AS arbeider med. Luft-Vann-Natur-Gjenvinning (LVNG AS) vil gjerne byggje eit forbrenningsanlegg for 300.000 tonn søppel på industriområdet Dommernes i Vikebygd.
Selskapet har hatt eit møte med Ølen formannskap, grendeutvalet i Vikebygd og andre lokalpolitikarar frå bygda.
Jaga frå Bømlo og Fitjar
LVNG med direktør Arne Vablum og styreleiar Jan Ove Gjerde i spissen, har prøvt å få innpass i ei rekkje kommunar i Hordaland. Men skepsisen har vore stor, og forbrenningsanlegget har blitt avvist på Mongstad, Fitjar og Bømlo. Selskapet var også interessert i industriområdet i Skånevik, men denne kontakten vart raskt avslutta etter at bygdefolket mobiliserte motstand.
Men no har selskapet fått ein opning i Ølen der lokalpolitikarane alt har omfamna eit gigantisk søppelanlegg i Jan Helge Helander sin regi.
— Eg vil presisere at vi verken har sagt ja eller nei til LVNG. Dei har presentert seg og så får formannskapet diskutere saka på neste møte, seier ordførar Arne Bergsvåg i Ølen.
Det er den tidlegare Vikebygd-politikaren Ståle Jordal som har formidla kontakt mellom det nye selskapet og kommunen. Det er stor skepsis i bygda til om Helander vil klare å kome på bordet med nye seriøse aktørar. Han har snart berre halvanna år igjen før kontrakten hans går ut på industriområdet. Ordførar Arne Bergsvåg i Ølen opplyser at han har informert Helander om kontakten med LVNG, men Helander har ikkje gitt lyd frå seg.
— Avtalen med Helander er grei. Den eksisterer framleis og vi vil ikkje gjere noko som kan føre til erstatningssak, seier Bergsvåg til Grannar.
Vikebygd-politikar Rune Hetland har fronta skepsisen mot eit stort forbrenningsanlegg på Dommersnes. Han vil ikkje i utgangpunktet arbeide mot at LVNG skal kome til Ølen.
— Eg er opptatt av at det blir ein meir ryddig prosess enn med Helander. Ein eventuell avtale med eit nytt selskap må sikre at kommunen ikkje gir frå seg styringa for tidleg, slik som sist, seier han.
Opnar døra for ny bossaktør
LVNG AS i Bergen er på jakt etter ein kommune som vil gi klarsignal til […]