Opnar kiosken ved Langfoss

Det er Harald Fjæra som har leigd kiosken ved Langfoss av Statens vegvesen. Han skal […]

Det er Harald Fjæra som har leigd kiosken ved Langfoss av Statens vegvesen. Han skal saman med familien drive kiosken.
Kona Else Fjæra har halv jobb i Åkrafjordbommen, og vil utanom arbeidet der, gå aktivt inn i kioskdrifta.
Ho seier at det var trasig i fjor då kiosken var stengd.
— Ja, her stod fullt med bilar og kiosken var stengd. Det var ikkje noko kjekt å oppleve korkje for reisande, hyttefolk eller fastbuande her, seier ho.

Fleire planar
På spørsmål om dei har gjort seg opp tankar og planar for kioskdrifta, seier ho at dei jobbar med saka. Ho nektar ikkje for at det surrar nokre tankar om den framtidige drifta i hovudet, men at dei ikkje er så ferdige at ho vil presentere dei endå.
Men etter å ha drive butikk på Fjæra i mange år, vart grunnlaget lagt for kremmaryrket.
— Ein gong kremmar, alltid kremmar. Eg kan ikkje nekte for at det kriblar litt når det gjeld kioskdrifta. Eg liker å snakke med folk, og det håper eg å få høve til her, seier ho.
Over ein kopp kaffi og herlege heimebakte lefser på rasteplassen ved kiosken, innrømmer ho at ho har lyst til å selje heimebakst i kiosken.
— Eg hadde god respons på desse då eg hadde butikk, difor håper eg å gjere det same her. Ho fortel også at dei vil ha litt heimelaga handarbeid for sal.

Lager heime
Kiosken i Åkrafjorden står einsleg til, og kan såleis vere freistande for ubedne gjester, særleg nattestid. Difor vil det nye vertskapet ha mykje av varelageret heime.
— Det er fint å bu så nær, og så har vi den føremon at vi køyrer gratis gjennom bommen, seier ho.
Når kiosken opnar fredag vil han vere open til ut i september.
Opningsdagen vil det bli servert kaffi og kaker.
— Nå håper vi at folk stoppar og at dei set pris på at det blir open kiosk her igjen, seier Else Fjæra.
Vertskapet for kiosken har også ansvar for vask av toalettet på rasteplassen ved kiosken.