– Oppdrett trugar naturperle

Alsaker Fjordbruk har søkt om etablering av oppdrettsanlegg for laks og aure ved Apalvika og […]

Alsaker Fjordbruk har søkt om etablering av oppdrettsanlegg for laks og aure ved Apalvika og Ilholmane i Bjoafjorden. Begge dei flytande anlegga er planlagde for 2.340 tonn fisk kvar og med ein storleik på 2.340 kubikkmeter.
Nå meiner friluftsfolk og oppsitjarar langt utanfor Bjoa at det er nok.
— Når vi ser fire oppdrettsanlegg frå kjøkenglaset, og veit det er fire til som vi ikkje ser, må det begynne å bli plenty, seier ein av mange Grannar møtte på Bjoa Båtlag si kai.

Sei med pellets
Jan Rolfsnes frå Bjoa Båtlag, er ein av dei som bruker sjøen mykje. Nå er han med i aksjonsgruppa mot etablering av oppdrettsanlegga. Det eine vil liggje midt i synet framfor båtlaget si kai. Men han meiner ikkje det er det verste.
— Nei, det verste blir forureininga, villfisken vil bli heilt øydelagt. Oppdrettsanlegga kolliderer med friluftsinteressene og øydelegg for villfisken, spesielt seien. Sjøbotn blir forureina, og lys og støy frå oppdrettsanlegget utanfor båthamna vil øydeleggja for alle som bruker båthamna, seier Rolfsnes.
Signe og Erling Buajore flytta frå Valdres til Bjoa for tre år sidan, mykje for å kunne fiske i sjøen. Dei har kjøpt seg sjark, men fangsten blir ikkje alltid slik dei ønskjer.
— Nei, vi har fått mykje sei med pellets i. Fisken er heilt sprengd, og i ein slik forfatning at han berre kan brukast til hundemat, seier dei. Nå meiner dei endå fleire oppdrettsanlegg i området vil bli til stor skade.

Manglar kystsoneplan
Einingsleiar for landbruk, Kjell Kjerland opplyser at gamle Ølen kommune manglar kystsoneplan som eventuelt ville sagt noko om kva område som var tilgjengeleg for oppdrett.
— Kystsoneplanen ligg innanfor fagområde i kommuneplanen som vi forvaltar. Gamle Ølen kommune sin kystsoneplan har ikkje nokon juridisk verknad, noko kystsoneplanen for gamle Vindafjord hadde fått. Difor er det stadfesta kor oppdrettsanlegg skal lokaliserast i den delen av kommunen som høyrer gamle Vindafjord til, seier Kjerland.
Han opplyser at det vil bli gjort ein rullering av planen i 2006 – 2007. Då blir tema å få ein juridisk verknad for kystsonene i heile kommunen.
Første konsulent, Ole Kvilhaug i Fiskeridirektoratet, meiner det ligg ei solid sakshandsaming til grunn før eit oppdrettsanlegg kjem på plass i ein fjord.

Fiskeridirektoratet avgjer
Når saka er handsama i Vindafjord kommune går ho vidare til Fiskeridirektoratet som enten avslår, eller sender saka vidare til høyring i Mattilsynet, hamnestyresmakter og Fylkesmannen i Rogaland.
— Det ligg ei lang, omstendeleg og grundig sakshandsaming til grunn, seier Kvilhaug.
Når det gjeld forureiningsproblematikken, viser han til at fylkesmannen gir utsleppsløyve til oppdrettsanlegg.
— Men eit oppdrettsanlegg er ikkje berre negativt. Det gir arbeidsplassar i nærområdet, og faktisk er det mange som synest eit oppdrettsanlegg er eit visuelt syn.
— Kva med villfisken som blir øydelagt?
— Det er eit tema i dag, at villfisk beiter rundt oppdrettsanlegga, og dette er av dei ting fiskeristyresmaktene ser på, seier han.

Rekreasjon og fiske
Lag og organisasjonar på Bjoa går massivt ut mot planane om nye oppdrettsanlegg i Bjoafjorden. Det ligg føre høyringsuttaler frå både Kystlaget Romsa, Bjoa Bygdeturistlag A/L, Bjoa Grendeutval og Bjoa Båtlag. Sentralt for alle, er forureiningsproblematikken i eit unikt område med mange naturperler. Eit område som blir brukt til rekreasjon og fritidsaktiviteter heile året.
Bjoa Grendeutval meiner at slikt anlegget er tenkt plassert i Apalvika, vil det delvis stengje for fiske på Storefluna, eit område med godt fiske som er mykje nytta til både fritids- og næringsfiske. Lokalitetane på Nordre Ilholmen vil kome i nærleiken av fuglereservatet på Ilholmane.
Dei viser også til at det i søknaden er opplyst at kystsoneplanen for området er godkjent, noko som ikkje stemmer.

Sterkt fritidsområde
Etableringa av Bjoa Bygdeturistlag A/L har ført til stor omsetnad. Hytteutleige til utlendingar, som trivst i den unike naturen, utgjer ein stor del av dette. Fleire oppdrettsanlegg er dei redd vil undergrave ei veksande næring.
Nord-Rogaland og Sunnhordland Friluftsråd meiner at i saker som denne, kor den visuelle innverknaden vil bli viktig, bør ein forlange av tiltakshavar at det blir lagt fram fotomontasjar som kan vise omtrent korleis anlegget vil ta seg ut i terrenget/fjorden.
Romsaøyane er Friluftsrådets mest besøkte målet for fritidsbåtar, ikkje berre i Sunnhordland, men i heile regionen og Apalvik småbåthamn er utgangspunkt for fritidsbåtbrukarane til og frå Romsa.