Oppdrettsanlegg på Bjoa

Turistlaget som for det meste har feriegjester frå utlandet er uroa over om Bjoafjorden vert […]

Turistlaget som for det meste har feriegjester frå utlandet er uroa over om Bjoafjorden vert uroa på ymse vis. Våre gjester kjem i hovudsak p.g.a. dei gode fiskemoglegheitene.
Difor er Bygdeturistlaget redd for at dei planlagde oppdrettsanlegga vil redusera fiske, – og ferietilboda. Vi kjenner til den reduserte kvaliteten på fisken der det er oppdrettsanlegg i nærheita. Fjordfisken et avfall frå anlegga og resultatet er blaut fisk ein ikkje ynskjer å eta.
Dårleg fiskekvalitet og ein Bjoafjord med fleire inngrep vil svekka interessa frå turistane, og dermed undergrava ei vaksande næring i bygda, då med økonomisk tap, og tap av interessa for bygda.
Vonar kommunen i si vurdering vil taka med våre merknadar med alvor.

Bjoa Bygdeturistlag A/L
Tor Johannesen/leiar