Jacobsen hevda at jordbruket er meir kontrollert drive med omsyn til spreiing av husdyrgjødsel, enn lakseoppdrett. Sanninga er at det mange stader har vore store lokale utfordringar med avrenning frå jordbruket. Det kanskje mest kjende er Vansjø i Østfold, kor det har vorte sett i gang omfattande tiltak for å betra situasjonen. Produksjon av laks forbrukar om lag fem gonger mindre CO2 enn produksjon av same mengde storfe. Bruken av antibiotika til laksen er i praksis redusert til null, medan bruken av same stoffet i landbruket (husdyrhaldet), og på oss menneske, er mange gonger høgare. Hovudpoenget er ikkje å bagatellisera, men å setja i perspektiv.
Oppdrettsnæringa har ein verknad på miljøet. Næringa sin jobb saman med styresmaktene og miljørørsla er saman å arbeida for å redusera dette til eit akseptabelt minimum. Kan me få til den dialogen, har me kome langt! Me meiner at oppdrettsnæringa har gjort store steg i retning av å redusera miljøpåverknadane og får langt på veg også støtte frå forskingsmiljøa.
I sommar publiserte Havforskingsinstituttet nokre funn frå eit kartleggingsarbeid av mellom anna tilstanden i Hardangerfjorden. Funna vart samanlikna med tilsvarande undersøking frå 1950-talet, og konkluderte med at tilstanden på viktige tareartar var uforandra. Det gjev oss ein indikasjon på at tilstanden i fjorden, på ein viktig indikator som algeveksten, ikkje har vorte merkbart påverka av oppdrett. Det finst andre miljø som konkluderer annleis enn det Havforskinga gjer. Norsk institutt for vassforsking (NIVA), som ikkje kan samanlikna med tilstanden for 50 år sidan, meiner fjorden gror til som fylgje av mellom anna oppdrett.
Me veit at tilførselen av næringssalt i Hardangerfjorden vert høgare som fylgje av oppdrett, men spørsmålet er jo om det er skadeleg for fjordsystemet? Styresmaktene har, mellom anna for å dokumentera dette «fryst» veksten i oppdrettsproduksjonen i Hardangerfjordsystemet.
I Bergen finn me ein av dei fremste institusjonane på sjømatforsking i verda, Norsk institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES). Dei forskar på mellom anna bruk av planteoljer i fòr og kva effektar det har for fisken og oss som skal eta den. Sjølv om delen planteoljer i fòret har auka dei siste åra, er likevel delen av fiskeoljer så høgt at det er langt over det me som et den, er i stand til å ta opp i kroppen.
Påstanden frå Jacobsen om at det er funne maiskorn i magen til laks må vera ei misforståing. Laks i oppdrett vert ikkje fòra med heile maiskorn. Dette er mest sannsynleg noko heilt naturleg som skjer ved at det vert danna tarm flokkulat når laksen ikkje får regelmessig fòr lenger, og vil i løpet av to-tre veker forsvinna frå tarmane. Desse kan sjå ut som maiskorn og fins i tarmane, ikkje i magen. Både Oddekalv og Jacobsen skriv i sine innlegg at oppdrettarar let vera å melda om rømmingar. Denne påstanden får stå for deira rekning, men ein såpass grov påstand meiner me bør dokumenterast, før den vert presentert i avisene.Ein debatt i det offentlege rom står seg best om ein nyttar fakta og at ein kan dokumentera påstandane sine.
Vår invitasjon til ein konstruktiv dialog er open, og me ser fram til gode innspel frå både Jacobsen og Oddekalv.
Me er også opptekne av å redusera våre miljøpåverknader til eit akseptabelt minimum!
Amund Drønen Ringdal Ove Gjerde, Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening Alsaker Fjordbruk