Opposisjon i skyttargraver

Tysdag blei Forsvarsdepartementet avkledd for open mikrofon. Forsvarsminister Kristin Krohn Devold detonerte bomba om ein […]

Tysdag blei Forsvarsdepartementet avkledd for open mikrofon. Forsvarsminister Kristin Krohn Devold detonerte bomba om ein budsjettsprekk på nær ein milliard kroner. Saman med forsvarssjef Sigurd Frisvold stod ho på slagmarka og kringkasta for heile kongeriket at dette er ei svært alvorleg sak og at ho er den ansvarlege som nå skal rydda opp. Om ho ville slå følgje med to offiserar som blei sparka same dagen, var ikkje opp til henne å kommentera.

Den eine opposisjonspolitikaren etter den andre dukka opp frå skyttargravene sine og fortalde med alvorlege miner det norske folk kor alvorleg dette var. Komitéleiar Marit Nybakk (Ap) kunne ikkje hugsa at ho hadde vore borte i noko så alvorleg nokon gong. FrP-formann Carl I. Hagen varsla at heile forsvarsleiinga må i vitneboksen etter budsjettskandalen. Nestleiar i forsvarskomiteen, Kjetil Bjørkland frå SV, seier at det berre er ein som har skulda for dette, og det er statsråden. Det er grenser for kor svekka ein statsråd sin legitimitet kan bli, er hans meining.

Statsminister Kjell Magne Bondevik forsikra i NRK Dagsnytt onsdag at forsvarsministeren har hans fulle tillit. Ho kan reisa seg og børsta støvet av uniformen etter det siste slaget med opposisjonspolitikarane på Stortinget. Sjølv om dei seier noko anna, er dei i røynda meir opptekne av sine eigne politiske liv, enn av ein skarve forsvarsmilliard til eller frå. Dei ligg i startgropa for årets valkamp. Då passar det dårleg med statsrådsblod og fare for regjeringsmakt.
Like urovekkjande som skadeskotne departement, er ein handlingslamma opposisjon som tenkjer meir på eigen taktikk enn å føra ein ansvarleg politikk.