Det handlar ein god del om hydraulikk, men mest av alt om slangar og koplingar. I tusenvis. Rubbel og bit rundt 74.500 deler når Jan Hegerland summerer i den digitale katalogen.
Det gir arbeid til ei handfull personar i dag. For nokre månader sidan kom femtemann på lønningslista hos Jan´s Hydraulikk AS i Ølensvåg.
To tomme nevar
— Det er litt artig at bedrifter og entreprenørar i Haugesund og Karmøy må kome inn på landsbygda for å skaffe seg deler, seier Jan Hegerland.
Det handlar om slangar, koplingar, sylindrar, ventilar og hydrauliske komponentar. Ein smal nisje som etter 20 år har gitt ei rimeleg solid bedrift. I fjor omsette selskapet for 7,6 millionar kroner.
— Vi er langt frå aleine i denne bransjen og vi har tre konkurrentar i Haugesund. Det er eit spesialfelt som du ikkje lærer på nokon skule, seier Hegerland.
Ideen var det faren Inge Hegerland som gav den vel 16 år gamle sonen for over 20 år sidan. Men først måtte han ta seg eit år hos Granberg Garveri for å skaffe pengar til den første slangepressa. Jan Hegerland lever opp til merkelappen gründer som starta med to tomme nevar.
Familie og arbeid
Det utvikla seg raskt til ei ung familiebedrift der Grete Hegerland kom inn i bildet og tok seg av rekneskap og økonomi. Ekteparet eig i dag kvar sin halvpart i bedrifta. I dei første ti åra sprang Jan Hegerland skjorta av seg og hadde nesten alle jobbane som må til for å få ei bedrift til å gå rundt og byggje opp ein kundekrins.
— Eg arbeidde sikkert 70 timar i veka dei ti første åra. Eg hadde også døgnvakt og stilte opp der det var behov for det. I dei ti neste åra var det blitt meir normale arbeidstilhøve. Med fleire tilsette er det fleire å dele dei ulike arbeidsoppgåvene på. Dermed er det lettare å drive ei bedrift som må yte service når kundane har bruk for det, seier Hegerland.
Industri og maskiner
Industri, maskinentreprenørar og landbruk er dei viktigaste kundane for bedrifta i Ølensvåg. Ho er ei knopskyting i kjølvatnet av eksisterande bedrifter.
— Det har stor betydning for oss at det er ei rekkje store bedrifter i distriktet som West Contractors, Ølen Betong og Fatland Ølen AS, for å nemne nokre. Utan store kundar i industrien, ville det vore langt vanskelegare å halde eit så stort lager som vi har. Det kjem andre i distriktet til nytte, meiner Hegerland.
Store vegprosjekt i Åkrafjorden og Trekantsambandet var med på å gi ein puff for bedrifta. Saman med Kårstø-utbygginga og ein uvanleg hektisk aktivitet ved Westcon nokre år i siste halvdel av 90-talet, var det ein ekstra god periode å drive i Hegerland sin bransje.
Tæring etter næring
— Vi merka at det vart slutt med dei store vegprosjekta i regionen. Men vi har fått fleire oppdrag for meir eller mindre faste kundar. Sjølv om vi måtte byggje oss opp ein periode etter at ein del store prosjekt tok slutt, har vi hatt nok å gjere. Men det er ikkje hektisk på same måten som det var, fortel Hegerland.
Han starta som svært ung bedriftseigar i løa til bestefaren. I dag kan han sjå tilbake på ein jamn vekst i ei bedrift som har begrensa vekstpotensial med adresse Ølensvåg. Oppskrifta hans for å starte ei bedrift er ganske enkel:
— Hardt og målretta arbeid er nøkkelen. Dessutan har eg lagt vekt på å ikkje skaffe meg for stor gjeld. Vi har heller prøvt å ta det steg for steg i staden for å låne for mykje pengar. For store kapitalkostnader kan lett skape vanskar.
Desse rettesnorene har i alle fall fungert for Jan Hegerland og Jan´s Hydraulikk. Den enkle oppskifta er likevel ei stor utfordring dersom prisen er arbeid heile halve døgnet. Men i dag ser Hegerland fruktene av innsatsen.