Oppsummering av Skånevikprosjektet

Det var 50% stilling i 3 år. Alf Opdal leia prosjektet frå start til juni […]

Det var 50% stilling i 3 år.
Alf Opdal leia prosjektet frå start til juni 2003. Leif Arne Løvereide leia siste halvdel av prosjektet.
Det er utarbeida ein sluttrapport som vil bli lagt ut på Skåneviknett, men me ynskjer å informere kort om noko av det prosjektet deltok i gjennom dette innlegget.
Bedriftsetableringar, arrangert etablerarkurs og andre kurs, etablering av 2 gardsturismeprosjekt, søknadshjelp, ide og produktutvikling, Skånevik Fjordhotell, Skåneviksbrosjyra, Reiselivsplan for Sunnhordland, Samferdselplan for Sunnhordland, villmarksmessa, Trivselgrend, landbrukskveld, infomøter, fellesmarkedsføring i Tv Haugaland, Hjortefilm i Tv2 m.m. Kontoret på SØK-bygget var ofte besøkt og nytta som ein stad å komma med planar og idear for innbyggjerane.
Et slikt prosjekt er vanskeleg å direkteevaluera og bør følgeevaluerast etter nokre år. Likevel vil eg alt nå hevda at prosjektet var verdt innsatsen. Ein del av befolkningen er fornøgde, medan andre nok ville brukt ressursane annleis. Slik vil det alltid vera, men Skånevik har i alle fall fleire arbeidsplasser i dag enn før Skånevikprosjektet tok til.
Arbeidsløyse på under 3% og fortsatt håpar og trur me på fleire arbeidsplasser.
Eg vil på vegne av styringsgruppa og oss prosjektleierar takka for godt samarbeid i prosjekttida, og ynskjer Skåneviksbuen lukke til vidare i ei vestlandsbygd med sers gode framtidsmuligheter!

Leif Arne Løvereide