Kjøkkensjef Else Grindheim ved Etne omsorgssenter reagerer med sjokk på Etne kommune sine planar. — Eg synest det er heilt sjukt, seier ho og meiner det blir noko rart å frakta maten til dei gamle frå Bergen. Ho stiller også spørsmål til kor mykje det er å spara på nedlegginga og trur det vil bli dårlegare utnytting av maten.
Ho fryktar også at manglande kjøkkendrift vil gå utover bebuarane, som då ikkje vil få den servicen dei har i dag.
For nokre år sidan la Bergen kommune ned 46 institusjonskjøkken og gjekk over til ferdiglaga mat som er vakuumpakka. Det er den same metoden Etne kommune skal nytta.
Men erfaringane frå omlegginga i Bergen har ikkje vore like gode. Byråd for helse og omsorg, Trude Drevland (H), foreslår at Bergen kommune snur og går tilbake til institusjonskjøkken. Ho forklarer grunnen til retretten med at politikarane er usikre på om reforma har vore vellykka, sjølv om den førde til økonomiske innsparingar. — Spørsmålet er om det berre er kroner som gjeld, seier Drevland.
Det er dette spørsmålet politikarane i Etne må stilla seg. I eit radioprogram i samband med omlegginga i Bergen før jul, blei fleire politikarar serverte den oppvarma maten. Og dei måtte berre innrømma at den ikkje smakte like godt som nykokt. Fleire eldre var også med på testen, og det var ingen tvil om at den «vanlege maten» var best.
Nå må me slutta å sjå på dei gamle som ein salderingspost i budsjettet. Me må spørja oss sjølve om me vil godta oppvarma ferdigmat søndag som måndag. Det same spørsmålet må politikarane stilla til dei gamle i kommunen. Men først bør dei ta ein smakstest på den oppvarma maten.