Det er litt av kritikken Ap-veteran og tidlegare varaordførar Oddvar Åsheim har av rådmannssaka i Etne som resulterte i at tidlegare rådmann Marit Elise Mølstre gjekk på dagen i juli. Åsheim kravde to protokolltilførslar med kritikk av saksbehandlinga.
— Eg har vore med i kommunepolitikken i ganske mange år, og dette er det verste eg har opplevd når det gjeld slike saker. Vi er plassert i ein krok i kommunestyret. Det går ikkje an å berre snakke saman utan å føre protokoll i ei slik sak, sa Åsheim.
Snakka saman
I praksis hadde kommunestyret ikkje anna val enn å seie ja til avtalen med Mølstre. Også sakskartet avslørte dette dilemmaet i og med at kommunestyret var invitert til å behandle saka om rådmannsutlysing før det skulle godkjenne avtalen med Mølstre. Åsheim fekk fleirtalet med på å snu denne rekkjefølgja.
Dette er hovudpunkta i kritikken hans:
* Kommunestyret har ikkje gitt klarsignal til at ordførar Enge skulle forhandle om rådmannen sin avgang. Det er saksbehandlingsfeil at formannskapet går i gang utan godkjenning i kommunestyret først.
* Det er kritikkverdig at kommunestyret ikkje vart kalla inn til møte før to månader etter at rådmannen sin avgang vart kjend gjennom pressa.
* Det er saksbehandlingsfeil at fullmakta formannskapet gav ordførar Enge ikkje er protokollført. Den er berre gitt munnleg.
Avviser kritikken
Det kan også stillast spørsmål ved at saka ikkje vart ført på sakskartet som vedtakssak i formannskapet. Dessutan vart det bestemt at avtalen med Mølstre skulle vere unntatt offentlegheit utan at det er protokollført.
Ordførar Amund Enge føler seg ikkje særleg ramma av kritikken frå Åsheim.
— Ein står fritt til å meine det ein vil, men eg meiner det var ein ufatteleg ryddig prosess. At vi har gjort enkelte småfeil er nesten ikkje til å unngå i ei slik sak som vi ikkje er oppe i til vanleg. Sjølv om vi ikkje har gjort alt skriftleg, har vi gjort jobben slik den skal gjerast. At tidlegare rådmann synst det var ryddig, er det viktigaste av alt, seier Enge til Grannar.
Utan blod
— Er det ikkje kommunestyret sin jobb å bestemme om ein rådmann skal slutte ?
— Det er det ingen tvil om. Men det er verd å merke seg at rådmannen sa opp sjølv. Det var ikkje formannskapet som gjorde det, seier Enge.
— Var det ikkje formannskapet som gjennom ordføraren tok initiativet til å få til ein sluttavtale, og dermed oppfordra ho til å slutte ?
— Det var det, men ho valde sjølv å slutte. Det står i pressemeldinga at ho valde å slutte på grunn av usemje om vegval vidare. Dessutan har vi god dekning for at det er støtte i kommunestyret for dette sidan både formannskapet og gruppeleiarane var kalla inn til møtet.
— Kunne du ikkje ha venta til etter sommarferien og fått saka i kommunestyret først?
— Enkelte meiner det. Men då hadde det i alle fall blitt store presseoppslag. No har vi fått det til smertefritt utan så mykje blod, seier Enge.
I kommunestyret sa Oddvar Åsheim at dei ikkje hadde noko anna val enn å godta avtalen med Mølstre, men han ville likevel stemme nei. Også Tollef Rullestad (Ap) markerte kritikken med å stemme nei.