Ole Martin Grindheim og Nick Jacobsen planlegg kvar sine felt, og respons har dei allereie fått. Interessa har kome frå fleire kantar, og ingen av dei bremsar ned trass økonomisk uro.
Grindheim satsar hovudsakleg på areal til næringsverksemd samt ni bustadtomter på Madsgård. Jacobsen planlegg stort bustadfelt med til samane 98 bustadeiningar og eit mindre lett industriområde på garden på Steine. Finanskrisa har ikkje verka hemmande.
— Mange har spurt etter tomter her allereie. Slik interessa har vore ser eg for meg at tre til fire tomter i den første planlagde delen av feltet hadde blitt selde med ein gong, seier Jacobsen.
Bil og bustad
Heller ikkje når det gjeld næringsverksemd er interessa fråverande. Ole Martin Grindheim er kontakta av fleire som kunne vera interesserte i å boltra seg med næring på det planlagde feltet, utan at han vil avsløra kven. Finanskrisa meiner han vil vera godarta for framtida, og han meiner tidene framover berre vil gå oppover når som situasjonen er på botn. Og bustadtomter vil det uansett aldri bli nok av, meiner Grindheim.
— Berre sjå korleis det gjekk i Sæbøvika. Folk meinte 41 bustader var nok, men dei var selde lenge før dei sto ferdige. Og det er viktig å ha eit tilbod til alle. Dette området kan byggjast i fleire høgder, og såleis og ei god utnytting av arealet. Eit attraktivt næringsområde må liggja nær E 134, medan fleire etterlyser sentrumsnære bustadtomter. I tillegg ligg det her til rette for ei naturleg utviding av det nåverande bustadfeltet på Madsgård, meiner Grindheim, som for tida arbeider med teikninga for det planlagde bilsenteret han skal byggja på området.
Det dreier seg om eit bygg over to etasjar til ca 15 millionar. Planane er nå ute på høyring.
Arbeid og bustad
Nick Jacobsen sine planar om utbygging er avhengige av gang- og sykkelsti til Håfoss, og planane for Steine er ikkje lagt inn som del av kommuneplanen. Han håpar å ta til med reguleringsplanen over nyttår. Jacobsen ser at det kan ta nokre år før dette blir realitet, men likevel er han optimist, og har planane klare. I første omgang vil ein del av feltet bli utbygd til tomter for einebustader overfor grusbanen. Vidare planlegg han to- og firemannsbustader i nabofeltet. Ved vegen vil han setja av seks mål til lett industri.
— Det er stor mangel på tomter og næringsområde i kommunen. Eg ser for meg lett industri ved vegen nedanfor bustadfeltet, med kontorlokale og lett næringsverksemd. Denne typen næringsområde blir ikkje prioritert i sentrum, og eg håpar å leggja til rette for både arbeidsplassar og bustad på same staden, seier Jacobsen.
Landbruksjord må ofrast
Dei to meiner at dersom Etne skal utvikla seg mot framtida, er det naudsynt å tenkja utbygging slik dei har gjort. Minuset med planane er landbruksjorda som vil gå med i prosjektet. Likevel meiner dei at dette er eit naudsynleg offer dersom kommunen skal gjera seg levedyktig. Den største motverja mot planane på Madsgård kjem frå fylkeshald.
— Slik eg har forstått landbruksdirektøren vil han med dette verja dyrka mark. Likevel ber han oss tenkja langsiktig og på vidare utvikling. Men skal sentrum veksa er det naudsynt å bruka jordbruksareal, og for å vera attraktivt som næringsområdet må det liggja nær stamvegen, seier Grindheim.
På Steine tek også Jacobsen høgde for vanskane landbruksjorda her kan før med seg for utbygginga.
— Det er ein viktig faktor for oss at grenda rundt Rygg skule skal overleva, og då treng me busetnad. Og me skal sjølvsagt leggja til rette for landbruksnæring her i kommunen, men me kan ikkje stagnera av den grunn. Skal me få ei levande bygd, må me tilby dei noko.