Ordføraren orsakar Sørpehåla VS kornåker

Eg sa at Morten og Ole hadde uttalt at «viss dei kunne få det til […]

Eg sa at Morten og Ole hadde uttalt at «viss dei kunne få det til i ei sørpehåla i Ølen, så kan me få det til i ein flotte kornåker i Etne». Dette har dei altså ikkje sagt. Uttalen var min og min åleine og har skapt uheldige reaksjonar, og det orsakar eg. Eg prøvde berre å gi uttrykk for kor kry og imponert eg er av det flottaste kjøpesenteret eg har sett, og at det ligg i Etne!
Ole og Morten har heile tida hevda at heile indre Haugalandet, med Ølen senter og Etne senter som naturlege motorar, utfyller kvarandre. Den verkelege konkurrenten er handelsmaskinene på Raglamyr og i Haugesund, og at det er handelslekkasjen den vegen som må stoppast.
Sorry og lykke til med julehandelen.

Amund Enge
– Ordføraren i Etne –