Ordførarval i Vindafjord

Arne Bergsvåg var sentralt delaktig i visjonen om ein ny og sterkare kommune på indre […]

Arne Bergsvåg var sentralt delaktig i visjonen om ein ny og sterkare kommune på indre Hugalandet. Som leiar i Fellesnemnda har han på ein god måte arbeidd målretta for dette. Han står for eit ideal om å skapa identitet til kommunen, både i utkant og sentrum. På den måten vil ahan byggja ein samansveisa og sterk kommune. Samstundes har han syn for bygdeidentiteten i levande lokalsamfunn. Dette fell svært godt saman med KrF sitt syn på dette. Vindafjord fortener ein ordførar med dei rette visjonane på plass.
Ein ordførar som møter utfordringar på ein løysningsorientert måte som tener dei fleste. Arne Bergsvåg sit med mykje av desse kvalitetane. Vindafjord Kristeleg Folkeparti vil av nemnde grunnar oppmode sine veljarar om å gi Arne si røyst ved kommande val.

For styre i Vindafjord KrF
Oddvar Haugland
Leiar