Orienterer seg fram

Det er Kirsten Nesse, opphavleg frå Vikebygd, nå busett i Haugesund, som er veteranen blant […]

Det er Kirsten Nesse, opphavleg frå Vikebygd, nå busett i Haugesund, som er veteranen blant dei tre damene. Ho har gått turorientering på 28. året. Ho fortel at ho bur sju månadar av året i Vikebygd, og at det er der ho er aktiv turgåar. Kirsten Bjørnevik har gått i 12 år, medan Brita Laugaland går andre året.
Kirsten Nesse har vore med frå starten då Vikebygd orienteringlag begynte å leggje ut postar til turorientering. Alle tre damene sender ein varm takk til orienteringslaget som lager dette til. Dei understrekar at det ligg mykje arbeid bak orienteringsløypene, som består av rundt 40 postar i Vikebygd, og nå dei siste åra også rundt 20 postar på området rundt Toraneset.
Men dei tre nøyer seg ikkje berre med postane i orienteringsløypene. Dei går også kvart år til dei seks nutane som speidarane i Vikebygd legg ut turar til.

Gått til alle postar
Dei tre damene fortel om kjekke turar. Dei har med kart der postane er merka av, og desse ligg ikkje i oppmerka løyper. — Dei fleste gongene må vi gå utanom løypene. Mange gonger leitar og leitar vi, men når vi får sjå posten, får vi eit kick, og då roper vi høgt hurra, fortel dei.
Av og til må kompasset fram også for å finne posten. Turane deira er ofte på fem – seks timar. Men turar på to – tre timar er også vanleg. Dei har med kaffi og kosar seg, på same tid som dei får frisk luft og mosjon. Dei nøler ikkje med å anbefale turorientering for andre, og nektar ikkje for at dei held seg i god form.
— Kor ofte går de?
— Vi går når det passar oss, og vi er ikkje redde regn. Vi gjekk i påska og då var det neimen ikkje fint.
Kvar månad legg orienteringsgruppa ut ein månadspost med ein boks med ei bok i der deltakarane skriv namnet sitt og er med i ein trekning. Fleire av dei tre har vunne månadspremien, fortel dei.