Overflatevatn ut i Etneelva

Eit røyr som er dimensjonert for meir enn to kubikk. Det er ein storleik som […]

Eit røyr som er dimensjonert for meir enn to kubikk. Det er ein storleik som skal kunna ta unna for store vassmengder. Det er mange andre som også spør om det kan vera lovleg med utslepp i den verna Etneelva. Enda meir undrande er dei til at det er Etne kommune sjølv som fører vatnet ut i elva.

Og det er ikkje å undrast på at dei spør. Alle som kjenner Etneelva veit kor strenge reglar som gjeld. Både til utslepp og andre inngrep som kan forstyrra livet i elva. Tidlegare var det problem med utslepp til elva både frå landbruk og andre. Men det er noko som høyrer til det sjeldne i dag. Og om det skjer, er det oftast ved eit uhell. Dei aller fleste er innforstått med reglane som gjeld og ønskjer å ha ei rein og fin elv.

Det undrar oss at det ikkje er søknadsplikt for uslepp av slike dimensjonar med overflatevatn. Kommunen vurderer ikkje vatnet som farleg utslepp og meiner det er normalt overflatevatn. Men kva er normalt overflatevatn? Har kommunen garanti for at ikkje avsig frå landbruk kan blanda seg med vatnet som går i røyret?

Samstundes er det positivt at kommunen nå gjer noko med flaumvatnet, som i kraftige nedbørsperiodar har vore eit stort problem i dette området der både hus og kjellarar har blitt fylte med vatn. Sjølv om utslepp til Etneelva er den kortaste, og då naturleg nok den billegaste vegen å gå, må ikkje det gå på kostnad av miljøet i elva. Me tar det som sjølvsagt at kommunen, som har ansvaret for utsleppet, tar dei nødvendige prøvar til ei kvar tid.