Oversåg vilkår i husleigelova

Bertha Åsbø flytta inn på Bustadskipinga i oktober 2004, og skal difor etter husleigelova § […]

Bertha Åsbø flytta inn på Bustadskipinga i oktober 2004, og skal difor etter husleigelova § 4.3 ikkje bli omfatta av at husleiga blir justert til gjengs leige.
— Varselet kan først sendast ut når leigeforholdet har vart i to og eitt halvt år og kan gjennomførast etter at leigetakar har budd der i tre år. Viss varselet er sendt nå, er det sendt for tidleg, seier advokat Knut Helland-Hansen i Leieboerforeningen.
Han seier at denne regelen er ufråvikeleg, og at det er kontrakten til kvar enkelt som avgjer når leiga kan justerast til gjengs leige.
For Åsbø sin del betyr dette at ho ikkje kan få varsel før i april 2007 og at justeringa kan tre i kraft i oktober 2007. Likevel fekk ho brev frå Etne kommune før jul om at husleiga hennar aukar frå 4.260 kroner til 5.200 kroner per månad frå 1. juli 2006.

Strir med lova
I Grannar sist torsdag stod Åsbø fram ilag med tre andre bebuarar og to pårørande og fortalte at dei tykte auken er svært stor. Nå viser det seg altså at Åsbø ikkje er omfatta av denne auken, men dette har ho ikkje fått informasjon om.
— Eg har berre fått dette eine brevet frå kommunen, og har ikkje fått beskjed om noko anna enn det som står der, seier Åsbø.
— Husleigereglane er klare og skjer justeringa før, bryt kommunen lova, seier Helland-Hansen.
Han seier at kommunen har eit spesielt ansvar fordi dei vanlegvis leiger ut bustadar til ressurssvake og eldre.
— Ein kan ikkje forventa at 80-90-åringar kjenner til reglane og at dei har oversikt over husleigelova, seier Helland-Hansen.

Særskilte krav
I brevet som er sendt ut frå kommunen blir det vist til husleigelova og at ein auke utover konsumprisindeksen ikkje kan skje oftare enn kvart tredje år, at auken skal varslast seks månader før den trer i kraft og tidlegast eitt år etter siste endring av husleiga. Kommunen viser også til at auken ikkje kan vera større enn 25 prosent. Det står derimot ingenting om at leigeforholdet må ha vart i minst to år og seks månader, som er eitt av vilkåra i husleigelova § 4.3.
— Viss det står i papira frå kommunen at dei kjenner til seks månaders varsling, er det overraskande at dei ikkje skriv det som står lengre oppe i same paragraf. Men viss dei i utgangspunktet skulle vera kyniske, er det ikkje vits i å gi seks månaders varsel, seier advokaten.
— Men viss dette er ein glipp, kva synest du om det?
— Det er ikkje bra i det heile tatt. Ein bør kunna stilla spesielle krav til kommunen som utleigar. Dei som er ein del av det offentlege, må vera påpasselege med å overhalda lover og reglar, seier Helland-Hansen.
Advokaten er derimot ikkje overraska over at kommunen sin informasjon er mangelfull.
— Dette skjer ofte. Kommunane prioriterer ofte budsjettmål framfor regelverk, og utleigar spekulerer i at leigetakar ikkje kjenner reglane. Difor prøver kommunane seg, og får gjennomslag for sine ynskje i ein god del saker, seier Helland-Hansen.