På banen med nytt selskap

I følgje advokatfirmaet Grette i Oslo er det berre formalitetar igjen før Jan Helge Helander […]

I følgje advokatfirmaet Grette i Oslo er det berre formalitetar igjen før Jan Helge Helander får tilbakeført Vikebygd Industripark AS som sit med leigeavtalen for industriområdet på Dommersnes. Det vart kravd tvangsoppløyst i Oslo skifterett fordi Helander ikkje betalte inn 50.000 kroner etter at minstekravet til aksjekapital vart heva.

Oppføre anlegg
Rett før jul registerte Helander eit nytt selskap under namnet DGI Norge. Helander seier til Grannar at han har etablert eit driftsselskap i samband med utbygginga i Vikebygd. I registreringa av selskapet i Brønnøysundregistrene står det at DGI Norge AS skal oppføre og leige ut søppelforedlingsanlegg. Og dessutan drive rådgiving og sal innan relaterte område.
— DGI Norge AS er etablert med tanke på utbygginga av forbrenningsanlegget. Vikebygd Industripark AS blir eit eigedomsselskap i den samanheng, forklarer Helander.
Vikebygd Industripark har ein 80 år lang avtale med Ølen kommune om industriområdet, og selskapet har rett til å framleige på området.

Amerikanar med
Det er ikkje tilfeldig at selskapet har fått namnet DGI Norge AS. Amerikanaren Carlos Benitez som har vore med i Helander sitt reisefølgje ei stund, representerer DGI International. Det er gjennom denne kontakten Jan Helge Helander har fått ny framdrift i det som ser ut til å ha vore mangel på kapital.
Vikebygd Industripark har sigla sin eigen sjø trass i at det var snakk om 50.000 kroner, og det er i tolvte time Helander får på beina igjen selskapet som har leigeavtale på industriområdet.
I følgje Helander er det han sjølv, Carlos Benitez og Torleif Berg som eig det nye selskapet. Sistnemnde er ein ingeniør som også har følgt Helander som ein skugge i dette prosjektet.
Helander er både dagleg leiar og styreleiar i det nye selskapet, og Torleif Berg er styremedlem.

Klar for Vikebygd
Likviditet har vore Helander si store utfordring heilt sidan han kasta blikket på Vikebygd for snart tre år sidan. DGI Norge er etablert med ein aksjekapital på 120.000 kroner, og gir førebels ingen signal om finansiell styrke med tanke på at det er ei milliard-investering som er på trappene.
Helander opplyser at Carlos Benitez frå Florida tilfører DGI Norge AS nødvendig kapital i prosjektfasen. Bossaktøren frå Oslo har klokketru på at han skal klare å få på beina eit gigantisk forbrenningsanlegg ved Ålfjorden.
— Når det er snakk om å investere 900 millionar kroner, er det ikkje berre å skru på ein brytar. Dersom det var så enkelt, ville alle gått i gang med eit slikt prosjekt. Eg kan opplyse at finansieringa no er i orden, seier Jan Helge Helander.