På bronselag i Tsjekkia

Vegard spelte tre av dei fire kampane i det tidligare austblokklandet. Stortalentet frå Øvre Vats […]

Vegard spelte tre av dei fire kampane i det tidligare austblokklandet. Stortalentet frå Øvre Vats gjorde i følgje trener Stig Winsnes ein god figur. Trønderen var fornøgd med prestasjonane til Nordtveit. 17-åringen var tilbake etter eit langt skadeavbrekk. Vegard var overraska over at han fekk sjansen til å trekkje landslagsdrakta over hovudet i haust. Haugesund-spelaren hadde ikkje forventa at han skulle bli tatt ut til turneringa. For han er det eit signal om at landslagsleiinga ønskjer å satse på den talentfulle tenåringen. Nordtveit fekk på turen heim beskjed om at han neppe er aktuell for troppen som skal møte Frankrike seinare i haust. Det har først og fremst samanheng med at landslagsleiinga ønskjer å teste nye spelarar.
— Vi er inne i ein kartleggingsfase nå ettersom det er eitt år til vi skal ut i ein ny EM-kvalik. Det er naturlig at vi bruker hausten og deler av vinteren til å kartlegge flest mogleg spelarar. På vårparten startar arbeidet med å spele saman laget som forhåpentligvis er kapable til å kjempe om EM-sluttspel. Vegard er heilt klart ein av dei som er aktuelle for troppen. Han var også eit heitt namn då vi skulle komponere troppen til dei avgjerande EM-kvalifiseringskampane i England. Då var det ein ankelskade som heldt han utanfor. Farten og målteften er rogalendingen sin spisskompetanse, seier Winsnes. Han legg ikkje skjul på at det er kamp om plassane. Bortimot 30 av dei som er fødde i 1987 har status som landslagsaktuelle.

Håper på landskampar

— Det kjem nok til å melde seg på fleire etter kvart. Vi får stadig rapportar på spelarar som gjer det bra og fortener å få ein sjanse til å vise seg frem, seier Winsnes.
Vegard Nordtveit og G 17-landslaget innleia turneringa med å spele uavgjort mot Sverige. 1-1 blei det i det oppgjeret. I kamp nummer to sto fysisk sterke tsjekkarar på motsett banehalvdel. Vegard fekk ein del juling i det oppgjøret. Han klarte seg bra trass i at det blei 0-1-tap. Ungarn blei slått 2-0 i siste innleiande kamp. Dermed blei det andreplass i pulja og bronsefinale. Noreg hadde full kontroll i kampen mot gutane frå det tidligare Sovjetunionen.
Dei hadde lite å stille opp med og fekk skikkelig stryk. Vegard er glad for at han igjen fekk spele med det norske flagget på brystet. Det gir han moglegheit til å få internasjonal erfaring.
— Eg hadde som sagt ikkje forventa å få sjansen denne gongen. Det er likevel kjekt med positive overraskingar. Føler det har gått bra etter operasjonen i vår. Håper eg kan få med meg nokre A-kampar i Haugesund-drakta på tampen av sesongen. Den siste månaden har eg vore innbytar i enkelte 1.divisjonskampar. Men eg står framleis bokført med berre ein A-kamp i år, seier Nordtveit. Den fekk han då det blei 2-3-tap for Rosenborg i cupen.