På krigsstigen i båthamn

I reine Olsen banden-stil væpna Brynjulf Hus seg nyleg med ei diger avbitartong og baufilsag […]

I reine Olsen banden-stil væpna Brynjulf Hus seg nyleg med ei diger avbitartong og baufilsag for å løysa båten som låg fortøygd i småbåthamna i Skånevik. Han hadde fått eit vink om at båten hans var teken i arrest av båtforeininga og tjora fast med ein kraftig kjetting. Årsaka til denne noko uvanlege form for båtfeste er at Hus lar ferierande tyskarar få bruka båten. Det vil båtforeininga ha ein slutt på. Dei fekk i vår inn ein ny paragraf i vedtektene som seier at eigaren eller leigaren av ein båtplass, ikkje kan leiga båten ut til turistar.

Brynjulf Hus kjøpte seg båtplass i hamna i 2002, og han har dei seinare åra late tyske turistar bruka båten. Han har liten sans for båtforeininga si framferd og vil ikkje bøya seg før anten namsmannen eller politiet ber han om det. Han viser til at båthamna Hamn er på kommunen sitt friluftsområde, og at kommunen har presisert at sjølv om Skånevik Båtforening har full disposisjonsrett, blir det oppfordra til at båtforeininga legg til rette for turistnæringa i bygda.

Me vil ikkje gå nærmare inn på tvisten mellom Brynjulf Hus og Skånevik Båtforening, som nå har fremja båtkonflikten inn for Haugaland og Sunnhordland konfliktråd. Det får denne tvisteinstansen ta seg av.
Det me og andre spør oss om er kva som gjer at det tilsynelatande aldri blir fred i bygda. Det er nærmast blitt ein regel at den eine stridssaka avløyser den andre. Det er heller ikkje første gong at ein tvist mellom medlemmer i båtforeininga må løysast av det offentlege apparatet.
Det er trist at Skånevik, som har alle føresetnadar til å vera eit fyrtårn i reiselivssamanheng, får eit frynsete omdømme på grunn av alle tvistane i bygda. Det ser ut til at det nokon prøver å byggja opp, er det andre som meir eller mindre medvite byggjer ned. Vår oppfordring er at nå må alle prøva å dra same veg. Ein får heller bita i seg litt når det oppstår situasjonar med ulike syn i staden for som nå å springa til rettsapparatet i tide og utide.