På lag med skipsnæringa

Næringspolitikk, og spesielt maritim politikk, stod i fokus då dei to politikarane møtte aktørar i […]

Næringspolitikk, og spesielt maritim politikk, stod i fokus då dei to politikarane møtte aktørar i skipsfarts- og skipsvertindustrien i regionen. Maritimt Forum Haugaland Sunnhordland arrangerte møtet.
— Min påstand er at nærskipsflåten vert diskriminert. Me føler at det er store moglegheiter framover, sa daglig leiar Øystein Matre i WestCon, og mana politikarane til å gje dei like konkurransevilkår.
Olav Akselsen har vore på WestCon mellom ti og femten gonger i løpet av dei åra han har site på Stortinget og vore i regjeringa. Ap-politikaren har kunnskap om og interesserer seg for den maritime industrien, og kva konkurransevilkår dei strir med overfor utanlandske aktørar.
— Eg er sosialdemokrat. I utgangspunktet er eg ikkje glad i nettoløn, men me må ha likeverdige konkurransevilkår, sa Akselsen, og synte til skeive konkurranseforhold i høve til Danmark og Sverige.
Konklusjonen hans var at Noreg også må innføra nettoløn dersom desse næringane skal kunna hevda seg i den internasjonale konkurransen. Han poengterte at spørsmålet om nettoløn hadde vore oppe i Stortinget fem gonger i løpet av den siste fireårsperioden.

Mot næringsnøytralitet
Stordabuen hadde ikkje noka tru på næringsnøytralitet som det einaste industripolitiske verkemidlet.
— Me bør ha nokre ambisjonar, om noko me vil få til. Dei siste åra føler eg at næringsnøytralitet er heva frå å vera ein filosofi til å vera ein religion, og det er vel Viktor Norman som har vore ypparsteprest, brumma politikaren.
Leiaren av næringskomiteen på Stortinget svara ja på to av tre konkrete spørsmål frå arrangørane. Arbeidarpartiet vil auka løyvingane til maritim forsking, og partiet vil utvida nettolønsordninga til å omfatta alle skip som går i konkurranseutsett fart. På spørsmålet om Arbeidarpartiet vil auka avskrivingssatsane for skip, var han meir avventande.
— Eg kan ikkje svara konkret, men me vil laga eit program for fornying av skipsflåten. Eg er ikkje akkurat negativ, svarte Akselsen.
I likskap med Akselsen, er Eirin Sund også levande interessert i å leggja tilhøva til rette for at industrien skal kunna hevda seg i den internasjonale konkurransen. Fylkesvaraordføraren i Rogaland poengterte at ho nærmast er oppvaksen på klubbkontoret ved plogfabrikken Kverneland på Jæren, og på den måten har ho fått industripolitikk og internasjonale konkurransevilkår inn frå barndommen av. Det var likevel den erfarne stortingspolitikaren Akselsen dei fleste vende seg til med spørsmål, og ikkje minst med ros.
— Eg har tillit til Akselsen. Han forstår næringa, sa skipsreiar Knut W. Aanensen frå Hagland Shipping AS i Haugesund.
— Uansett valutfall, så ønskjer me Olav Akselsen i ein regjeringsposisjon, sa Øystein Matre, då han presenterte gjesten frå Stortinget for dei WestCon-tilsette som var samla i kantina.