Idol-Mari var i godt selskap då ho opptredde gratis for Røde Kors på Grünerløkka i Oslo denne helga. Det var marknads- og handelsdagar på løkka og svært mange fekk sjå Sandeid-jenta opptre på same scene som ei rekkje etablerte musikarar. Blant dei andre artistane som spelte var Vibeke Saugestad, The Mormones, Margaret Berger og The Laundrettes.
Mari hadde med seg tre dyktige gutar frå Vikedal; Leif Kåre Sigmundstad (gitar), Johannes Holten Leifsen (bass) og Kurt Inge Nybru (trommer). Saman framførte dei fire punkrock coverlåtar.
— Me starta med Greenday sin «Basketcase», den spelte me fordi det er ein kul låt og fordi den fungerer bra med ei jente på vokal. Deretter spelte me yndlingslåta mi «Where is my mind» med Pixies før me avslutta med Afi «Morningstar» og Avril Lavigne sin «I always get what I want», fortel Mari.
Ho var fornøgd med framføringa trass i at gruppa berre hadde fått øvd i lag tre kveldar. Det var også dei andre i bandet.
— Det var veldig kjekt å spela i dag, men me må nok øva ein del i lag endå, meiner Johannes Holten Leifsen.
Reglar i krig
I tillegg til musikalske innslag, var det ei rekkje politikarar og representantar frå Røde Kors som heldt appellar under markeringa. Tema for Røde Kors-dagen dette året var «Regler i Krig» og det heile blei opna av Thorvald Stoltenberg.
— Formålet med markeringa er å skapa liv og røre rundt Røde Kors. I år har vi prøvd å rette markeringa mot ungdom og det er difor vi har med så mange artistar, fortalde presseansvarleg i arrangementskomiteen, Astrid Zachariassen. Ho kunne konstatera at Idol-Mari og resten av bandet fekk ekstra mykje merksemd. Fleire unge fans gjekk fram til scena då dei spelte og etter framføringa flokka dei seg rundt Mari for å få autografen hennar. Også media var framleis særs interessert i å prate med Mari, trass i at ho er slegen ut av Idol. TV2 var mellom anna på konserten for å gjera opptak til «Absolutt Underholdning».
Klare for ny konsert
Sjølv innrømmer Mari at ho saknar Idol-dagane.
— Det går greitt, men er litt rart å vera tilbake i kvardagen. Eg trivest utruleg godt i Oslo, fortel Mari. Også dei andre bandet tykte det var kjekt å opptre i Oslo.
— Det var artig, sjølv om ikkje spelinga gjekk heilt optimalt, slo dei fast. No skal dei øva vidare mot neste speleoppdrag, som førebels er sett til Fanta Open turneringa i Sand i sommar. Då skal det ferske bandet dela scene med mellom andre Kurt Nilsen.