På topp med berbare datamaskinar

— Eksplosjon i marknaden for portable datamaskinar dei siste åra gjorde at me har etablert […]

— Eksplosjon i marknaden for portable datamaskinar dei siste åra gjorde at me har etablert oss på toppen av den norske datamarknaden. Mykje av suksessen ligg også i samarbeid med Acer, den nest største datadistributør i heile Europa, Midausten og Afrika-regionen, og den leveringsgunstige administreringssystem Rambase utvikla av Jacob Hatteland Logistics AS, opplyser salssjef Thore Grutle.
— Kva vil dette seia for Hattelco AS?
— Me kjem til å nytta vår posisjon på marknaden til å fremma våre andre produkt i form av stasjonere datamaskinar, servermaskinar og datautstyr, seier Thore Grutle.
Hattelco AS har sitt hovudkontor i Arendal og salskontor i Haugesund, Oslo og Stockholm.
Thore Grutle meiner at i tillegg til samarbeid med Acer, er den spesielle administreringssystem som er nøkkel i vellukka utvikling til Hattelco AS. Hovudtanken bak forretninga er raske og presise beskjeder til kundane. Det vil seia at alle kundebehandlarar har kompetanse nok for å ta seg både av dei administrative og tekniske førespurnader. Den som ringjer til selskapet får direkte svar på sitt spørsmål utan å verta sett på vent eller sendt rundt frå kundebehandlar til kundebehandlar.