På tur i regntida

Der asfalten sluker billyset til seg, og ein må væra svært varsam der ein også […]

Der asfalten sluker billyset til seg, og ein må væra svært varsam der ein også kan vera utsett for vassplaning. Om ikkje dette er nok er det fare oppe i liene, der vatnet grev og grev, og til slutt kjem det me minst ventar, jord og steinras. Dei fleste som ferdast på vegane tenkjer faktisk svært lite på det som ligg oppe i liene, som er ein stor fare for trafikken.
Når ein ser på tryggleiken på vegane, vil eg påstå denne ikkje er god nok. Dette gjeld rassikring og elendige og trafikkfarlege vegar, med tildels stor og tung trafikk. I fleire land gjer vegstellet og løyvande myndigheiter mykje for å betra tryggleiken for dei fleste vegar.
Kvit stein blir malt opp og strødd oppå nylagt asfalt. Dette blir gjort for å oppnå større tryggleik for trafikkantane, ved mørke o.l. Mykje av denne steinen som blir brukt er teken ut og blir eksportert frå Noreg.
Ein kan ikkje forventa at eit så lite land som Noreg skal kunne forstå at ein skal bruka ein del av ressursane i landet, når det meste er basert på eksport til andre land – til gode prisar. Me som bur i denne luten av landet, og som er oppvaksen med det me har rundt oss, vil eg påstå ikkje ser dette elende, men berre godtar og godtar. Der desse som me trur har monopol på det meste, trur dei alltid gjer rett. Der økonomien går føre menneskeliv, der ein brukar økonomistyringa på heilt feil måte, der noko blir spart medan kronene fossar ut i den andre enden.
Når ein ser opp i liene, der steinrøysane mest ventar på å koma ned, kva skjer med oss. Me ser røysa, det er det heile. Når stein og jord kjem på vegane, kjem desse små gule mennene og får det vekk. Set opp skilt der ein skal vera oppteken av og varsam fordi denne plassen er utsett for ras.
I mine auge er dette skremmande og eit hån der staten ved vegstellet fråskriv seg det heile med helse, miljø og tryggleik for meg og deg. Heile verda er på frammarsj og i utvikling, der transporttenester blir meir og meir utvida, der trafikkmønsteret har gjennomgått stor forandring. Me ser større og større vogntog, der fleire og fleire transporttenester blir utført av utanlandske transportørar, medan desse tarmane av vegane blir dei same.
Det som undrar meg, er at medan andre land brukar meir og meir vassvegane (båt) til frakt av varer, går Noreg meir og meir til landbasert transport. Det heile er som kjerringa mot straumen. Kanskje det er denne vegen dei kloke går, eller dei som trur dei alltid har rett, der onkel Skrue i dag sit med pengesekken godt knytt.
Me treng ikkje ha det sik me har det i dag, trass alt er me i 2007. Sjå på vegstandarden rundt deg, er den god nok? Fylket, stat, kommune og ikkje minst vegstellet har eit stort ansvar for at alle som ferdast skal kunne kjenne seg trygge. Eigarane av vegane har eit ansvar, og du og eg betalar for bruken. Då vil eg òg tru me kan forlange, om ikkje anna, tryggleik for dei som ferdast.

Ove Wiland
Skånevik