På verdskongress i Kina

Saman med kona Kate fortel han om ein eventyrleg tur på tre veker med masse […]

Saman med kona Kate fortel han om ein eventyrleg tur på tre veker med masse opplevingar der dei òg var innom Bangkok, Shanghai og Beijing.
Sjølve kongressen, convention, var i tida 27. juni til 1. juli.
Begge er takksame for at medlemskapen i Lions har ført dei så langt, og legg vekt på at det er det humanitære arbeidet som blir drive i organisasjonen som er grunnen til at Torbjørn Åsheim er medlem.
— Det er feil oppfatning at dette er ein snobbeorganisasjon, bodskapen i Lions i dag er først og fremst å orientere om hjelpearbeidet organisasjonen driv, seier dei.
Forståing mellom menneska
Lions si oppgåve er blant anna å skape større forståing mellom alle menneske og nasjonar ved å arbeide for auka innsikt i mellomfolkelege problem. Ikkje minst ved å yte humanitær hjelp med lokalt engasjement og internasjonalt samarbeid.
— Det var noko som låg til grunn då delegatane var samla til guvernøropplæring. Dei rundt 700 utsendingane frå heile verda sat på skulebenken frå tidleg morgon til langt på ettermiddagen. Etterpå var det bankettar der kulturopplevingar stod i kø.
Ja, det var travle dagar. Opplæringa var intens. Det var ingen dag fri frå seminar og skulering. Kongressen er til for å engasjere leiarane, og det greidde dei, fortel Torbjørn Åsheim.
Medan han sat på skulebenken opplevde Kate andre sider av landet.
— Det var sight seeingturar og kulturopplevingar. Alt var ei kjempeoppleving. Det er mykje å sjå tilbake på, fortel ho.
— Kva var største opplevinga?
— I positiv lei var det å bli kjend med andre, og å oppleve all den flotte underhaldninga i kjempestore aulaer. I negativ lei, var å sjå all den skjulte fattigdomen. Både i Beijing og Shanghai hang dei fattige på oss. Synlege senger på gata, sjølv om ikkje alt er reelt, gjer det inntrykk, seier ho.
Omfattande
Det var i 1917 Lions vart starta i Chicago i USA. Nå finst det klubbar i 185 land og geografiske område i heile verda med nærare 42.900 klubbar og 1,4 millionar medlemmer.
I Noreg er det vel 14.000 medlemmer i meir enn 500 klubbar.
Dei lokale klubbane er delte inn i soner med frå fem til ti klubbar i kvar. Større einingar med over 35 klubbar og 1250 medlemmer blir leia av ein distriktsguvernør. Det er ti slike her i landet, der Torbjørn Åsheim dette året er ein av dei.
Han fortel at ingen har dette vervet meir enn eitt år. Året før var han visedistriktsguvernør, og neste år blir han past guvernør. Såleis inneber eit slikt verv eigentleg tre år.
Dette året, og helst før jul, skal han besøke alle dei 45 klubbane i sitt distrikt.
På møta med klubbane held han foredrag om hjartesakene sine, som er ungdom og ungdomsutveksling. Ingenting er som at dei forskjellige kulturane blir kjende med kvarandre, meiner han.
Sjølv har han hatt ansvar for 25 ungdommar frå 14 land i fjorten dagar for to år sidan på Lions si hytte Tråastølen på Hardangervidda.
Skånevik Lions hadde sist sommar ein ungdom på utveksling til USA. Roar Knutsen (20) var på ungdomsleir i Texas i fire – fem veker.
— Ein grunn til at han fekk denne turen, er at han har utmerka seg innan skyttarlaget, seier Åsheim.
Mange oppgåver
Både lokalt, nasjonalt og internasjonalt står Lions-klubbane framfor store prosjekt. Til dette trengst pengar og aktive medlemmer. Skulering av leiarane, er såleis ei viktig oppgåve.
Eit verdsomfattande prosjekt for blinde og svaksynte i Uganda er ei av hovudoppgåvene nå, barneheim i Baltikum og andre internasjonale oppgåver er på plass. Lokalt står ungdomsarbeid og førebyggjande arbeid mot narkotika sentralt. Ein barneheim for gatebarn i Romania, er ei av distriktet her sine oppgåver.
— Sentralt gav Lions nyleg 300.000 kroner til svoltkatastrofen i Niger, under sunamikatastrofen vart det gitt store summar. Organisasjonen Legar utan grenser, får også stor støtte av Lions. I 2004 vart det samla inn 45 millionar til Montebellosenteret. Det er utruleg mange pengar som blir samla inn heile tida, utan at Lions blir nemnt. Vi bør bli flinkare til å profilere oss sjølve, seier Torbjørn Åsheim.
Neste verdskongress skulle vore halden i New Orleans sommaren 2006. Mange norske hadde gleda seg til å reise dit, men grunna orkanen Katrina, må kongressen flyttast til ein annan stad i USA.