Påført 60.000 i tap

Svein Cato Birkeland ville byggja naust på garden sin. Han hadde sett seg ut Busshamar […]

Svein Cato Birkeland ville byggja naust på garden sin. Han hadde sett seg ut Busshamar eit par hundre meter nord for Imslandssjøen som ein fin stad å ha naust.
Dette var ikkje bygningssjef Kjell Kjærland samd i. Plan- og bygningskontoret i Vindafjord gav byggjeløyve, under føresetnad av at naustet blei bygd inn mot eksisterande naust i det gamle kommunesenteret i Imslandssjøen. Nærmare bestemt bad dei Birkeland om å byggja naustet ved parkeringsplassen for Imslandskyrkja. Nokre få meter frå kyrkjegardsmuren og om lag førti meter frå kyrkjeveggen.
Fekk stoppordre
Birkeland retta seg etter vedtaket, og sette i gang bygginga. Etter at han hadde brukt i overkant av 60.000 kroner på graving, forskaling og støyping av grunnmur, kom kontraordren. Han hadde ikkje lov til å byggja der likevel, fordi den planlagde bygningen ligg mindre enn seksti meter frå kyrkja. Kyrkjeverje Inghart Lasse Tveit stoppa byggjeprosjektet straks han blei kjent med det, men då var grunnmuren allereie på plass.
Det er skjedd to administrative glippar i handsaminga av denne byggjesøknaden. Begge er oppstått som ein direkte konsekvens av at plan- og byggjekontoret flytte byggjeprosjektet eit par hundre meter austover i høve til der Birkeland søkte om å få byggja. Flyttinga førte naustet inn i vernesona rundt kyrkja, på ein stad der det etter §21 i Kyrkjelova ikkje utan vidare kunne gjevast byggjeløyve.
Gløymde nabovarsel
Den endra plasseringa førte dessutan til at kyrkja kjem inn som gjenbuar i lovreglane om nabovarsel. Dermed skulle plan- og byggjekontoret ha kontrollert at Vindafjord kyrkjelege fellesråd hadde fått nabovarsel før det blei gjeve byggjeløyve. Kyrkjeverja kunne og ville ha stoppa naustplanane før bygginga tok til, dersom han hadde kjent til søknaden. Det er søkjaren si plikt å senda nabovarsel, men det er samstundes forvaltingsorganet si plikt å kontrollera at det er gjort.
Svein Cato Birkeland opplyser at han oppfatta både plan- og bygningskontoret og kyrkja som delar av det offentlege. Når bygningssjefen bad han om å byggja ved kyrkja, tenkte han ikkje på at det skulle vera hans oppgåve å orientera kyrkjeverja i Skjold om planane.
Birkeland bur på Imslandsgarden, som eig jorda på alle kantar av kyrkja og kyrkjegarden ved Imslandssjøen. Den avgjerande skilnaden mellom Busshammar og strandlinja ved kyrkja, er at dei har ulik status i kommuneplanen.
Biskopen sa nei
Etter at bygginga blei stansa i fjor haust, har biskopen i Stavanger hatt saka til handsaming. Han vil ikkje gje dispensasjon slik at Svein Cato Birkeland kan byggja naust innanfor vernesona ved Imsland kyrkje.
— Dette et ei veldig trasig sak. Det heile kunne vore unngått. Det står i vedtektene at det er kommunen sitt ansvar å kartleggja moglege konfliktsituasjonar, seier kyrkjeverje Tveit.
Vedtaket frå bispekontoret i Stavanger kan ankast til departementet. Birkeland har ikkje lyst til å gjera det, når han veit at det er mange bygdefolk som mislikar byggjeplanane.
— Eg vil ikkje skapa strid. Eg vil heller søkja på nytt om å få byggja naustet på Busshamar. Det var der eg helst ville ha naustet frå byrjinga av, seier Birkeland.