Patriotismen kan avgjera

Ølen har 2.508 personar med stemmerett, medan det i Vindafjord finst 3.553. Det betyr at […]

Ølen har 2.508 personar med stemmerett, medan det i Vindafjord finst 3.553. Det betyr at dersom vindafjordingane samlar seg om Reidar Håvås kan han få fordelen av å komma frå ein større kommune. Men tenkjer folk slik? Me lodda stemninga i Skjold for å sjå korleis det står til med patriotismen før andre omgang av ordførarvalet i kveld.
Anne Margrethe Hjelmeland Gregersen (23) frå Skjold vil gi Reidar Håvås fornya tillit.
— Eg kunne stemt på han sjølv om han hadde vore frå Ølen. Det har jo mest å sei kva dei står for som personar, og eg synest Håvås har gjort ein god jobb, seier Anne Margrethe Hjelmeland Gregersen (23).
Bygdemann i Skjold
— Trur du folk i stor grad stemmer på kandidaten frå den kommunen dei i dag tilhøyrer?
— Det er nok litt sånn blant nokon, men ikkje hos alle. Det er to gode kandidatar, seier Hjelmeland Gregersen.
Bjørn Frode Hustoft er derimot oppteken av å få ein ordførar frå Vindafjord og er difor ikkje i tvil om kven som skal få stemma hans i dag.
— Det blir Reidar, det. Han er frå Skjold og det er greitt å ha nokon innanfrå her. Han er ein mann med stor innsatsvilje, seier Bjørn Frode Hustoft (29) frå Skjold.
Kollega Harald Skjold (62) er samd.
— Håvås er bygdemann og er frå Vindafjord.
— Betyr det noko?
— Klart det, seier Skjold.
Ein kommune
Endre Wannberg (75) frå Skjold meiner folk må tenka på Vindafjord som ein kommune, og ikkje to.
— Dei fleste av vindafjordingane og ølensbuen var for kommunesamanslåinga og innrettar seg etter det og stemmer som ekte vindafjordingar, seier Wannberg.
— Betyr det noko å få ordføraren frå den gamle kommunen?
— Det bør ikkje ha noko å sei. Me må snarast mogleg innstilla oss på å bli ein kommune, seier Wannberg.
Leif Johnny Wannberg (65) bur i Vikebygd, men er opprinneleg skjoldabu. Hans stemme går i dag til Bergsvåg. For han er det ikkje dei gamle kommunegrensene som avgjer.
— Eg var for kommunesamanslåinga og det var ikkje Håvås. Dessutan har Bergsvåg meir erfaring som ordførar og det er viktig, seier Leif Johnny Wannberg.
Den dyktigaste
Synnøve Steinnes (50) frå Sandeid veit ikkje kven valet fell på i dag. Sist måndag stemte ho på ein av dei tre kandidatane som ikkje gjekk vidare, men ynskjer ikkje å seie kven det var.
— Eigentleg synest eg Bergsvåg har gjort ein god jobb som ordførar. Håvås er nyare i gamet. Håvås er vindafjording og Bergsvåg er ølensbu, seier Steinnes.
— Betyr det noko kvar dei kjem frå?
— Det betyr ikkje så mykje. Det viktigaste er at ordføraren kan fletta dei to kommunane saman, men eg veit ikkje kven av dei som kan det best.
— Trur du mange stemmer på kandidaten som tilhøyrer kommunen dei i dag bur i?
— Eg veit ikkje. Har høyrt at det har vore ein del patriotisme ute og går. Det synest eg er dumt. Me skal bli ein kommune og må ha ein ordførar som er dyktig til jobben uansett kvar han er frå, seier Steinnes.
Dottera Kristine Steinnes (20) er usikker på om ho kjem til å stemma i dag.
— Eg har ikkje lyst at nokon av dei skal få mi stemme, seier ho og legg til:
— Eg synest det er litt rart viss ein som er mot kommunesamanslåinga skal driva ein samanslått kommune, seier 20-åringen.
— Dei som stemte mot samanslåinga må berre godta det når fleirtalet ville det slik og jobba saman. Me må jo håpa at dei som leiar kommunen også gjer det, seier Synnøve Steinnes.