Pengegåve til trivselprosjekt

Då Sparebanken Vest opna det nye kontoret i Etne kunne administrerande direktør Stein Klagegg overrekkje […]

Då Sparebanken Vest opna det nye kontoret i Etne kunne administrerande direktør Stein Klagegg overrekkje 75.000 kroner til Trivselsprosjektet i Etne. Dei tre trivselsgrendene Skånevik, Sævareid og Sørstranda får 25.000 kroner kvar.
Miljøarbeidar i Etne kommune, Leif Arne Løvereide, mottok gåva. han meiner dette inspirerar til vidare arbeid.
— Det er veldig kjekt med pengane, men det er òg svært inspirerande. Dei tre gruppene har halde på sidan 2003, og kanskje me har vore litt usynlege for mange. Men me har fleire idear til tiltak framover, seier han.
Han nemner at Skånevik vil ha eit prosjekt på badesti til Peparen pluss at dei vil halda fram med å gje blomar til nyinnflyttarar. Fleire grendekveldar, med felles kveldsmat, vil det også bli. Slike kveldar vil også Sævareid truleg ha, og her kan det også bli snakk om bakekurs. Sørstranda har brukt mykje pengar på skuleplassen og skal kanskje bruka meir her.
—Eg håpar trivselsprosjektet går frå å vera eit prosjekt til å bli ein tilstand, seier Løvereide som også rosar arbeidet landbruksavdelinga ved Fylkesmannen i Hordaland gjer for å halda nettverket mellom trivselsbygdene i fylket ved like.