Må så før ein haustar

Det første som kom på kuttlista, var skular og barnehagar. Både Fjæra skule og Rygg […]

Det første som kom på kuttlista, var skular og barnehagar. Både Fjæra skule og Rygg skule og barnehage har stått for fall. Ungdomssteget i Skånevik har også vore lufta. Ved å flytta elevane frå Skånevik til Enge i Etne, skal det vera pengar å spara.

Dette har fått foreldre og andre i krinsane til å reagera. Dei har møtt mannsterke opp både på politiske møte og på folkemøte. Gjennom lesarinnlegg og gjennom andre kanalar, har dei bede om å få tal på bordet over kor mykje det er å tena på nedlegging av skular og barnehagar. Til nå har dei ikkje fått svar.
Det har vore meir tyst rundt flytting av landbrukskontoret frå Bygdesenteret til Tinghuset. Bakgrunnen for dette forslaget skal vera at det frå årsskiftet blir ei halv stilling ledig i Tenestetorget på Tinghuset.

Bygdesenteret var planlagt og bygt som eit kompetansesenter for landbruk. Slik har det også fungert i mange år. Me fryktar som avdelingsleiar Jarle Haugen ved Tveit Regnskapskontor at mykje av denne kompetansen forsvinn dersom landbrukskontoret blir flytta.
Ser me over grensa til Ølen, er planen der å byggja opp eit kompetansesenter for landbruk i nye Vindafjord.
Me vil på det sterkaste oppfordra politikarane til å tenkja seg om på nytt. Slik det ser ut på arbeidsmarknaden i kommunen i dag, er landbruk snart den einaste næringa som er igjen. I staden for å byggja ned den faglege kompetansen på Bygdesenteret, må politikarane snu på flisa og heller auka kompetansen. Den utlyste stillinga som prosjektleiar innan reiseliv bør gjerast til full stilling.

Me tvilar ikkje på at det kan vera nokre kroner å spara både ved å samla elevane i store klassar på ein skule, eller å samla administrasjonen på Tinghuset. Men det kan på sikt kosta meir enn det smakar. Politikarane må nå løfta blikket å sjå framover. Som alle bønde. Moderat fysisk aktivitet vil korte ned helsekøene og gi flere eldre mulighet til å bo hjemme og stelle seg sjøl lengre. Så fremt kommunale og statlige politikere erkjenner de klare årsakssammenhenger det er mellom sviktende mosjonsvaner og produksjonstap, vil de erfare at penger er spart.
I fall store innsparinger burde penger kunne overføres til lokale mosjons- og treningssentre, og støtte til den enkelte bruker som kunne dokumentere å ha trent regelmessig.

Øivind Magnus Holm