Pizza-konflikt i Ølen

Dei tilsette Christina Stødle, Ann-Mari Eikesdal og Torunn Helen Larsen, fortel til Haugesunds Avis, at […]

Dei tilsette Christina Stødle, Ann-Mari Eikesdal og Torunn Helen Larsen, fortel til Haugesunds Avis, at problema har balla på seg. Dei har ikkje fått lønn sidan november, det har vore problem med kjøttdeigen, og nyleg sa råvareleverandøren stopp.
Då dei etter gjentekne forsøk ikkje greidde å få tak i sjefen, Bjørn Kåre Larsen over telefon, bestemde dei seg for å reisa til Odda, for å treffa han der. På første besøket møtte kona hans dei i døra og sa han ikkje var heime. Då dei kom tilbake etter ein times tid, sto politiet å venta på dei.
— Eg var hjå advokaten min då kona ringde og sa det var folk på døra heime hjå oss. Dette tykkjer eg er å gå over streken, og advokaten min tilrådde meg å ringja politiet, seier Larsen til Haugesunds Avis.
Han seier også at omsetnaden har gått ned det siste året, og at banken ikkje lengre vil. I går sende han melding til dei tre tilsette om at butikken skulle stengjast.