Pizzasuksess til Ølen

Pizzakjeden er på rekordtid blitt ein stor suksess. På 2,5 år har kjeda vakse til […]

Pizzakjeden er på rekordtid blitt ein stor suksess. På 2,5 år har kjeda vakse til 35 butikkar spreidde over heile landet. På tysdag opna Pizzabakeren Ølen offisielt dørene.
Geir Snare eig Pizzabakeren Haugesund og Pizzabakeren Tysvær frå før. Han har stor tru på at satsinga i Ølen vil slå til.
— Ølen har mykje gjennomgangstrafikk, og det er få tilbod av liknande karakter i bygda. Me har òg hatt ein del kundar frå ølensområdet i butikkane våre i Haugesund og Tysvær, som har etterlyst ei satsing i Ølen, difor trur eg me vil klare oss godt her, seier Geir Snare.
I løpet av måndagen hadde gjengen bak disken innom godt og vel hundre mann i løpet av formiddagen. For det meste var dette skuleungdom, men òg godt vaksne som syntest pizzaen smaka godt.
— Me tilbyr tre ulike storleikar på pizza, og er basert på takeaway- prinsippet. Me kjem til å setje opp nokre bord inne i butikken, men dei er helst berekna på såkalla «ventebord», seier Geir Snare.
Til no har bedrifta tilsett 11 personar frå ølensområdet og Geir Snare utelukkar ikkje at det kan bli fleire.