Planlegg arbeidskyrkje

Styret i Enge bedehus har starta førebuinga når det gjeld bygging av ei arbeidskyrkje i […]

Styret i Enge bedehus har starta førebuinga når det gjeld bygging av ei arbeidskyrkje i soknet. Leiar i styret for bedehuset, Sigurd Stødle, fortel at det er Fellesrådet for Etne sokn av kyrkja som har vendt seg skriftleg til Enge bedehus og spurt om det kan bli eit samarbeid når det gjeld utbygging av bedehuset til ei arbeidskyrkje.
På årsmøtet i Enge bedehus i slutten av månaden, vil styret for bedehuset be om ei uttale når det gjeld framlegget frå Fellesrådet om samarbeid. Til årsmøtet er det også forslag om ei lovendring som inneber at Enge bedehus ikkje berre skal tilhøyre folket i Enge krins, men heile soknet. I desse dagar går det ut eit skriv frå styret i Enge bedehus, der dei som soknar til Enge krins blir oppmoda om å møte på årsmøtet og vere med og leggje grunnlaget for det som skal bli ei arbeidskyrkje for Etne sokn.

Stor trong
Den økonomiske stoda i Etne kommune er slik at det er lite truleg at kommunen vil byggje ei arbeidskyrkje på kort sikt, meiner styret i Enge bedehus. Men det har registert at det er stor trong for større lokalitetar, og vil leggje forholda til rette for at det kan kome eit bygg i tilknyting til bedehuset.
— Det er stor trong for eit større hus enn det kyrkjene og bedehuset kan tilby i dag. Særleg viser dette godt når det er barnedåp, konfirmasjon, større kyrkjelege arrangement og ikkje minst alt barne- og ungdomsarbeidet. Det er ofte sprengde lokale, og difor snakkar mange om, og ønskjer seg, ei arbeidskyrkje, seier Sigurd Stødle.
— Kva med dei gamle kyrkjene?
— Dei vil bli brukte til gravferder, og kanskje annakvar gudsteneste. Men dette er ikkje diskutert endå, understrekar han.

Nei til kulturhuset
Når det gjeld samarbeid med eit eventuelt nytt kulturhus, og om dette har vore diskutert, seier Stødle at det har vore tema, men soknerådet har gått bort frå det.
— Soknerådet har vore på synfaring på stader der dei har slikt samarbeid, og konstatert at dette ikkje fell heldig ut. Det viser seg at det ikkje har vore praktisk lett å få til samarbeid. Aktivitetane er store begge plasser, og skal begge partar ha sine eigne lokale i eit nytt kulturhus, ville ein vere like langt, seier Stødle.
Han minner også om at ei arbeidskyrkje skal vigslast.

Plass til 400 – 500
Arbeidet med reising av eit kyrkjebygg, er heilt på førebuingsstadiet, men Sigurd Stødle ser for seg at det blir valt ei stifting for ei arbeidskyrkje.
— Det neste vil bli å kalle inn til eit nytt årsmøte, der folk frå heile soknet blir kandidatar til styret. Eg håper ein kan kome så langt dette året at ein får valt ei byggjenemnd, som snart kan ha på plass ei skisse over bygget med økonomisk overslag, seier han.
Sjølv om lite er diskutert endå, meiner han arbeidskyrkja må ha plass til 400 – 500 personar. Når det gjeld det økonomiske, har han lite tru på mykje tilskot korkje frå kommune eller stat.
— Nei, eg meiner det må bli folket i soknet som må ta den økonomiske belastinga. Men her er det store ressursar i blant anna dugnadsarbeid, og så treng ikkje eit slikt bygg å bli så prangande og flott, sluttar Sigurd Stødle.