Plass i ny barnehage

Barnehagen har heile tida halde hus i kjellaren i skulebygget i Øvre Vats. Dei første […]

Barnehagen har heile tida halde hus i kjellaren i skulebygget i Øvre Vats. Dei første åra på deling med sløyd og andre aktivitetar.
Styrar i barnehagen, Inger Frønsdal, har jobba i barnehagen i 11 år.
— Barnehagen har sidan starten i 1976 utvida fleire gonger. Først frå to til tre dagar i veka, seinare frå tre til fire dagar, og frå korttid til full dag, fortel Frønsdal. Dei siste åra sanitetskvinnene dreiv var det 23 barn i barnehagen, med plass til 18 om gongen, opplyser Frønsdal. Ho følgjer saman med dei tre andre tilsette med til den kommunale barnehagen frå hausten.
— Då blir det plass til 45 barn. To avdelingar for 3-6 år og ein avdeling frå 0-3 år. Den siste gruppa har det ikkje vore tilbod til før. Når barnehagen opnar 2. august, blir det meste av det tidlegare skulebygget tatt i bruk.
— Eg gleder meg til å byrja i den nye barnehagen med mange nye barn og nye medarbeidarar. Det skal bli spennande, seier Frønsdal, som held fram som styrar for barnehagen.

Blomar og takk
Onsdag for ei veke sidan blei sanitetskvinnene takka med blomar og helsingar for lang og god innsats for dei minste barna i Øvre Vats i nær 30 år.
Oddny Skjold, leiar for sanitetskvinnene, er glad for at kommunen nå overtar drifta av barnehagen.
— Det blei først vedtatt at barnehagen skulle vera privat. Men så gjorde kommunestyret på julemøtet i fjor heilomvending og vedtok at barnehagen skulle vera kommunal. Dersom dei ikkje hadde gjort det, ville det ikkje vore barnehage i Øvre Vats frå hausten. Me sa opp kontrakten i fjor, så det siste året har me drive på overtid, seier Skjold. Ho fortel at det har vore eit økonomisk slit å driva barnehagen dei siste åra.
— Me har fått statstilskotet, men elles er det meste av arbeidet gjort på dugnad. Det har ikkje vore lett å administrera så store kull som det har vore dei siste åra, seier Skjold. Ho er glad for den løysinga som nå er valt.
— Me får behalda huset i bygda, og barnehagen er ein garanti for at det ikkje kjem på andre hender. Eg trur alle partar er glade for nyordninga. Det er viktig at kommunen kjenner sitt ansvar for å sikra god barnehagedekning, seier Skjold.

Full barnehagedekning
Ordførar Reidar Håvås var med og kasta glans over grillfesten, som alle som hadde gått i barnehagen i Øvre Vats var inviterte til.
— Øvre Vats sanitetsforening har gjort ein kjempeinnsats for barnehagen, som gar vore driven med stor frivillig innsats. Det meste utanom lønn til dei tilsette har vore utført på dugnad, seier Håvås. Han la ikkje skjul på at han var svært glad for at kommunen har overtatt barnehagen i Vats, og at både den og barnehagen i Sandeid dagen før blei utvida med kvar sin avdeling.
— Med denne utvidinga, og ny barnehage i Ølen, trur eg at nye Vindafjord kommune får full barnehagedekning, seier Håvås.
Jon Døvik er også letta og glad for at barnehagen i Vats blir utvida til hausten. Dersom ikkje var sonen Ivar på 3,5 år mellom fleire andre som ikkje hadde fått barnehageplass.
— Då me fekk avslag om barnehageplass til Ivar, tok eg kontakt med politikarane og forklarte situasjonen for mange barn i Vats. Eg er derfor kjempefornøgd med at det har gått i orden og at Ivar og fleire andre får barnehageplass frå hausten, seier Døvik.