— Dei var begge spente på om dei ville klare å halde plassane sine i landslagstroppene. Håvard aspirerer for plass på U-16-laget, Martin i klassen under. Begge var innkalla i hovudtroppen på denne samlinga. Det var innkalla rundt 50 utfordrarar på begge lag.
Håvard var innkalla til tilsvarande samling i fjor også, men ein skade sette han ut av spel. Det blei dermed ingen landslagsdebut på FKH-spelaren.
— Eg har akkurat signert kontrakt med FKH, seier midtstopparen som har spelt for Skjold denne våren.
— Nå blir det full satsing mot ein plass på 1. divisjonslaget, understrekar han.
Høgt nivå
Dei lokale gutane presiserer at det var høgt nivå på vekas treningar.
— Heilt klart. Sjølv om vi begge håpa i det lengste at dette skal halde til landslagsplass, var ikkje det noko vi tok for gitt, seier dei.
Martin var på si første samling. Dette var tredje tiltak for U-15-landslaget.
— Og første for meg. Mange gode spelarar, og eg er veldig glad for at eg fekk trene med landslagstroppen denne veka. Sportleg gjekk det heilt greitt, seier høgrebacken. Han spelar på juniorlaget til GrannKam/Vindafjord.
— Eg blir i alle fall i moderklubben til eg er ferdig med ungdomsskulen, presiserer han.
U-15-landslaget spelar sine første kamper i Polen om fire veker. Då står to oppgjer mot vertslandet i Gnask-området for tur. U-16 skal først til ope nordisk på Færøyane. Etter det ventar ei turnering i Polen før EM-kvalifiseringa.
— Her skal vi til Estland og møte heimenasjonen, Kroatia og Nederland. Dei to beste når sluttspelet.
— EM-kvalifiseringa er sesongens høgdepunkt. Om eg kjem med her vil berre tida vise, avsluttar Håvard.
Plass på landslaget
— Dei var begge spente på om dei ville klare å halde plassane sine i […]