Vasskraftutbygging på sikt

— På eit eller anna tidspunkt vil det nok kome større vasskraftutbyggingar her i landet. […]

— På eit eller anna tidspunkt vil det nok kome større vasskraftutbyggingar her i landet. Ikkje minst på grunn av at vasskraft er miljøvenleg, seier Olav Linga. Men per i dag nektar han for at Haugaland Kraft har planar om å søkje konsesjon for dei verna vassdraga i Etne kommune. Han seier også at slike planar ikkje kan setjast ut i livet utan eit nært samarbeid med Etne kommune.
— Det vi gjer i dag er å sjå på dei to anlegga vi har i kommunen. Vi vil optimalisere desse anlegga og sjå om vi kan få meir ut av dei. Dette arbeidet er i gang, og ei arbeidsgruppe er i full sving med dette arbeidet. Om eit halvt år vil desse planane kunne liggje på bordet, seier Linga.

Ingen kontakt
Ordførar Sigve Sørheim i Etne kommune seier han veit svært lite om dei omtalte planane for ny vasskraftutbygging i Etnefjellet.
— Til nå har det ikkje vore nokon kontakt med Haugaland Kraft, men når dette nå har kome opp, vil vi be om eit møte, seier han. Eit slikt møte seier han kunne vore aktuelt også utan at dei nye planane har kome på banen.
— Store aktørar som Haugaland Kraft, som har så mykje å seie for kommunen, bør ein ha jamleg kontakt med, minst ein gong i året. Og nå er eit møte blitt endå meir aktualisert. Vi må få greie på kva planar dei har, seier hannbemanning. kommunestyret gav òg signal om at stillingane innan pleie og omsorg blir vurdert auka så langt dette gir høve til, minimum 40 prosent. Det er viktig å ha nok pleiande hender, slik at dei eldre får ein god alderdom
Omsorg er ikkje berre dei eldre. Me har dei funksjonshemma og psykisk utviklingshemma som har venta på bustader i fleire år. Nå ser det endeleg ut til at det skal bli ei løysing. Senterpartiet har etterlyst dette lenge. Det er fatta vedtak i kommunestyret. Me håpar at det vert byggestart utpå hausten slik at dei får sitt eige bufellesskap. Det fortenar dei i høgaste grad. Det har vore ei tolmodig gruppe. Der må det òg vera nok fagfolk som tek seg av brukarane og gir dei eit verdig liv.
For dei med psykiske lidingar er det laga handlingsplan, men det er ikkje nok med ein plan. Det er viktig at folk med kompetanse legg forholda til rette, og gir dei den hjelp dei har behov for med bustad, arbeid og fritid.
Senterpartiet i regjering, Åslaug Haga som kommunal- og regionalminister, har ytt til at kommuneøkonomien har betra seg monaleg. Senterpartiet vil framleis vera ein pådrivar for ein god kommuneøkonomi som kan gje gode omsorgstilbod til desse gruppene.

Ingvor Gundegjerde
Gruppeleiar Etne Senterparti