Poeng glapp på overtid

— Ein heilt klar feil av dommaren. Vi hadde eit innbyte på overtida, men halte […]

— Ein heilt klar feil av dommaren. Vi hadde eit innbyte på overtida, men halte ikkje ut tid. Regelen er at dommaren kan leggje til eitt minutt ved innbyte. Men dødballen til Djerv 1919 kunne kome før, og dette legg eg ikkje vekt på, seier GrannKam-trenar Frank Abelseth.
Dommar Geir Frøyland seier til Grannar at han la til tid for skadar og innbyte, og deretter to minutt ekstra fordi GrannKam halte ut tida.
— Fire minutt er ikkje urimeleg, seier han.
Nær, så nær
Surt nok for GrannKam å miste to poeng på overtid, men langt frå eit urimeleg resultat i ein jamspelt kamp med tette duellar og med ikkje alt for mange målsjansar.
Første omgang var ganske grå for GrannKam, og Djerv var nærmare å få ballen i nota. Men ein kompakt bakre firer hos GrannKam med Bjarte Rørtveit i spissen, rydda opp i det meste.
Etter pause tok kampen seg opp, med større driv framover for GrannKam, og Djerv 1919 miste kommandoen på midtbanen. Kanskje utan dei heilt store målsjansane, men Sigbjørn Tysvær fekk eit innlegg nesten direkte på foten og kontant i mål. Utlikninga til Djerv 1919 kom på retur etter frispark.
Redusert A-stall
— Det var ein god kamp der vi kjempa Djerv ut av stilen. Det er slik ein fotballkamp skal vere. Nerve, duellar, innsats og masse godt spel. Slike kampar er kjekke å sjå på. Spelarane gjorde ein kjempejobb i dag, seier Frank Abelseth frå trenarbenken.
— Vi venta ein knallhard kamp, og det fekk vi. Ein føler seg litt snytt av å få mål mot seg på overtid, men slik er fotball, seier Abelseth.
Ti spelarar i A-stallen var anten skadde, vekkreiste, oppe til eksamen eller ute med gule kort. Men Abelseth trur ikkje dei kunne ha prestert betre.
Han har på programmet å flytte spelarbuene over til tribunesida for at publikum skal få betre kontakt med det som skjer og skape meir miljø rundt kampane. Djerv 1919 kunne derimot ønskt seg ei mindre ujamn og humpete grasmatte.