Pol i Etne

Frå Sandeid gjekk ”Fjorddrott”, frå Haugesund hadde ein ”Tre måker”, som russen ein gong malte […]

Frå Sandeid gjekk ”Fjorddrott”, frå Haugesund hadde ein ”Tre måker”, som russen ein gong malte tre kråker på, og ”Haugesund”.
Det var den gong byfolk var utstyrt med fleire hjerneceller enn landsens folk, sjølv om dei fann vegen til bygdene i påsken og om sommaren.
I Sunnhordland hadde me ”MS Sunnhordland”, som polfarande reiste med til Bergen. Desse polfarande hadde mange dei skulle handla for, så børa kunne bli svært tung på den lange vegen heim. Smaksprøvane kunne bli mange, og verknaden kunne ein tydeleg sjå. Mange sovna og hamna hos onkel politi, og nokon kunne få problem på reisa heim. Men på kaien vinka dessa håpefulle som hadde sett fram til denne dagen. Solo var kjøpt inn, og 60% flaska var på veg. Eg trur det er mange som ikkje smakar solo den dag i dag. På denne mørke tida var alkohol tabu. Mange laga øl og vin, nokon også risvin ”hjelpe meg”.
Men det føregjekk mykje ”gauking” rundt om, og det var ikkje så vanskeleg og få tak i då ungdommen kvar laurdag reiste til Sandeid på dans. ”Har du vore i byen?”
Då Haugesund skulle få pol kunne ein sjå eit lys. Kristenfolket mana til kamp. Slik styggedom skal me ikkje ha i byen vår. I kampens hete blei det bestemt at det skulle vera folkeavstemning om ein skulle ha pol eller ikkje, men sjøfolk skulle ikkje få stemma. Som dei sa; sjøfolk kom berre til å stemma ja. Kan du huska det?
Men slik blei det ikkje. Det var nokon som såg problemet med å diskriminera sjøfolk. Polet kom, båtane forsvann og blei hydrofoilbåt og katamaran. Vårt samfunn har forandra seg enormt, og me med det. Me får nå sjå kor polet hamnar til slutt. Men som eg forstår peikar Etnebygda seg spesielt godt ut. Bygda har stor gjennomgangstrafikk på sjø og land. Biltrafikken på den eine sida, og sandbåtane på den andre. Du veit kva Salhuskvintetten syng? ”Me osso papen og sandjekta vår, stemnar ut fjorden, osv, osv.”
Det blir vel ikkje så lenge til det blir slutt på all diskriminering, både på den eine og den andre sida. Ein kan sjå dei ekle dråpane, saman med ølflaskene, i by og bygd. Bygdafolk er vel etter kvart blitt utstyrt med like mange hjerneceller som byfolk, og har vel krav på den same service som andre. Dette fann vel til slutt også Etne kommune ut då ølflaskene kom i butikkane. Eg huskar godt når ein skulle kjøpa seg ei øl og var tvungen til å eta ei skive før ølet kom på bordet. Var ein då tørst så jøye meg. Eller når du måtte vera tilreisande, og ikkje bu i den kommunen hotellet var, for å kunne kjøpa ei øl. Det var tider det. Lykke til Etne, det er mange om beina.

Ove Wiland, Skånevik