Desse engasjerte tinnsoldatane som står på for å skapa liv og trivsel i nærmiljøet, slit med økonomien. For å retta opp dette har dei – politiet, desse ”jussane” – teke til å skriva ut rekningar med tjukk skrift, noko som har sett adrenalinet i høggir dei fleste stader der dei driv med bygdedagar t.d. Dugnadslysta er dalande, som venta.
Nei, gjer som dei nygifte austpå, gardkjerringa og kræmaren i Larvik. Inviter statsministeren og kona med. Då seier han ifrå til justisministeren at han ikkje treng senda rekning for vakthald rundt godset desse tre dagane bryllaupet varer slik at sjefspresten trygt kan kosa seg langt borte frå bedehusa på Vestlandet.
No må han og kona inviterast til Etnemarknaden. Her kan dei få køyra karusell og sjå fine grisungar kosa seg med mor si i garden. Etterpå kan me by dei middag i storsalen i Kulturhuset. Dei kan få sitja i høgabordsenden der brurpara sit når dei har sagt ja til kvarandre. Og menyen kan vera heimelaga kjøtkaker med ertestuing og nypoteter. Finst det nokon betre måte å nytta ut kjøtkaker på ?
Såleis kunne me sleppa den store rekninga som vår lokale ”juss” har skrive ut i årevis.
Etne 17/6 – 04
Endre Tjelmeland