Politiet i distriktet

Politimeister Karl Henrik Sjursen i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt har i sitt budsjettforslag for 2005 […]

Politimeister Karl Henrik Sjursen i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt har i sitt budsjettforslag for 2005 lagt føringar som tappar vårt distrikt for to stillingar. Frå før er det tatt ei stilling ved at lensmann Ingvar Gjærde har overtatt Ølen i tillegg til Vindafjord, og tidlegare lensmann Bjørn Alvseike i Ølen har fått seg jobb ved kammeret i Haugesund. Distriktet blir såleis tappa for tre stillingar. Sauda og Suldal er også med på kuttlista til politimeisteren.

Lokallaget til politiforbundet gjekk aktivt ut og støtta forslaget om å samla politikreftene i Ølen, trass i åtvaringar om at Haugesund ville stikke av med heile gevinsten. Aarekol seier til Grannar at han den gongen ikkje trudde på åtvaringane. — No ser vi at det blir andre som tener på samanslåinga vår. Vi blir taparane i ei så drastisk endring der stillingar blir flytta til Haugesund, seier Aarekol og meiner at utgangspunktet deira er snudd på hovudet.
Aarekol har vanskeleg for å forstå at Politidirektoratet sin intensjon bak politireforma var at lensmannskontor skulle bli direkte nedbygde. Aarekol oppmodar lokalpolitikarar og publikum til å protestera på stillingskuttet i lensmannsdistriktet.

Det er synd å seia at innstillinga frå politimeisteren om å skjera ned på stillingar kom som noka stor overrasking. Ikkje at det var distrikta som måtte blø heller. Dei fine orda frå sentralt hald om at distrikta ikkje skulle tapa på politireforma, har me ærleg talt ikkje hatt den store trua på. Kva hjelper det om me får behalda lensmannskontora dersom det ikkje er tenestefolk til å bemanna dei. Det blir som ein keisar utan kler. Me gir Terje Aarekol vår fulle støtte om at både politikarar og publikum må komma på banen for å slå ring om vårt lokale politidistrikt. Me kan ikkje stillteiande sitja og sjå på at Haugesund ranar til seg heilt nødvendige stillingar i vårt distrikt.