Lensmann Ingvar Gjærde hadde fem alternativ å vurdere då det nye hovudsetet for lensmannsdistriktet skulle på plass. I tillegg til tre alternativ i Ølen, vart også dagens lensmannskontor i Sandeid og Etne vurderte. Trass i at politimeisteren for Haugaland og Sunnhordland har blinka ut Ølen som hovudsete.
— Det var interessant å få fleire alternativ på bordet med tanke på pris og konkurranse, seier lensmann Ingvar Gjærde.
I tillegg til å vere lensmann i nye Vindafjord, er han administrasjonssjef for Etne og Vindafjord lensmannsdistrikt.
Tre i Ølen
Men valet fall altså på eit tilbygg til utleigebygget til Terje Henriksen i Ølen. Det er i motsett ende av der Ølen lensmannskontor er i dag, og inngangen blir ved Haugesund Sparebank sine lokale.
I tillegg til Henriksen leverte Ølen Eiendom AS inn tilbod om lokale i eit tilbygg på garasjen ved den tidlegare Telenor-bygningen i Ølen sentrum. Det tredje tilbodet var frå Ekrheim Eiendom AS i eit nybygg på kaien ved sida av den tidlegare terminalen.
— Det var tre gangbare alternativ i Ølen. Men med ei totalvurdering av areal, beliggenheit og pris landa vi på eit tilbygg hos Henriksen. Pris er viktig med tanke på eit begrensa budsjett, seier lensmann Ingvar Gjærde.
Lensmannsdistriktet har leigeavtale for fem år med opsjon for fem nye. Men Gjærde opplyser at dei ser plasseringa i eit perspektiv på ti år.
Neste sommar
Det nye lokalet blir administrasjonssenter for Etne og Vindafjord, og lokale for Vindafjord lensmannskontor. Etne lensmannskontor består som før, medan kontoret i Sandeid blir lagt ned når nybygget står klart for innflytting.
Kontoret i Ølen får nærmare 600 kvadratmeter til disposisjon, det er om lag like mykje som Ølen lensmannskontor og Vindafjord lensmannkontor har til saman i dag. Garasje og celler blir i underetasjen, medan kontora blir i overetasjen på gatenivå.
— Kor tid bygget blir ferdig vil avhenge av kor fort papirmølla arbeider. Går alt som forventa, er vi inne over sommaren neste år, seier Gjærde.
Samle styrken
Når Sandeid og Ølen blir slått saman til Vindafjord lensmannskontor, får ni tilsette oppmøteplass i Ølen. I tillegg møter lensmannsbetjentar ved Etne lensmannskontor også opp i Ølen når dei har utrykkingsvakt. Det er til ei kvar tid to som har slik vakt, og denne ordninga har fungert slik sidan i haust.
Lensmann Ingvar Gjærde ser fram til å få samla mannskapsstyrken i større grad enn før.
— Det blir ei betre utnytting av ressursane våre, og det blir eit større fagmiljø. Vi vil jobbe betre i lag på denne måten, meiner han.