Det store spørsmålet er kor politikarane skal finna pengane, dersom skulane ikkje skal leggast ned. Onsdag hadde 50-60 personar samla seg til folkemøte på Rygg skule etter initiativ frå FAU ved Rygg skule og Sørbygda Grendalag.
Lars Ø. Grønstad (Sp) tok til orde for at alle grender i kommunen må takast i bruk og at nedlegging av skular ikkje er vegen å gå.
— Eg meiner at me ser negative teikn i Etne etter «skulemassakren» for nokre år sidan og at me ser nedgang i lysta til å etablera seg i krinsane. Det er eit sterkt press på sentrumsnære tomter og det er ikkje lenger like attraktivt å bu i krinsane utan skule. Dette er ein kynisk politikk utan tanke for tilhøyrsle, sa Grønstad.
— Eg høyrer skildringa kynikar. Eg tar det ikkje heilt til meg. Eg føler me prøver å ta ansvar og me blir ikkje populære av det, men me har ein økonomi som gjer at me er nøydde for å ta desse skritta, sa varaordførar Siri Klokkerstuen (Ap).
Ap har foreslått å legga ned Rygg skule frå hausten 2006 fordi dei prioriterer rammetimetalet, og vil gjera Fjæra til udelt. Dei ønskjer å ha full barnehagedekning og vil difor behalda Rygg barnehage.
— Eg er langt frå overtydd om at me sparer så mykje i lengda på å legga ned Rygg skule. Eg er viljug til å sjå på svært mange ting før det, sa Audun Namtvedt (Frp).
— Eg er prinsipielt imot å legga ned skular. Eg har vore med og lagt ned tre og har ikkje sett at me har spart ei krone, sa Finn Ove Solberg (Krinslista for Skånevik).
I formannskapet har Høgre med støtte frå Sp fått fleirtal for å bevara Rygg skule og barnehage og legga ned Fjæra skule frå hausten 2007. Forslaget inneber å kutta to prosent i varer og tenester og redusera rammetimetalet frå 25 til 21 prosent over det lovbestemte.
— Det er ingen som vil legga ned ein skule, men me blir tvinga til det, sa ordførar Amund Enge (H),
— Skule er godt å ha, men eg trur og at grender kan leva utan skular. Eg trur elevane ved Rygg vil få det betre ved å flytta til Enge enn kva elevane ved Fjæra får med ein udelt skule, sa Arnold Solheim (KrF).
— I fritt fall
Folketalet i Etne går nedover og fleire av dei frammøtte etterlyste strategi frå politikarane til å få bukt med trenden.
— Folketalsutviklinga meiner eg stadfestar at me er i fritt fall. Det viser kva Etne er, ein busetjingskommune, men med mykje pendling til Ølen, sa Lars Ø. Grønstad.
— Finst det nokon skulestruktur i Etne kommune? Eg sit med ei kjensle av at når me ikkje har pengar, må me ta ein grendeskule eller tre, sa Terje Bjørgen til panelet.
Ingen store lovnader kom under debatten, men foreldra klamrar seg til håpet om at politikarane finn pengar til å oppretthalda skulane før kommunestyremøtet 13. desember.
— Det var ein veldig bra debatt og fint at politikarane stiller opp. Det er tydeleg at dei ikkje har gjort opp meininga si. Eg trur dei klarer å finna pengar ein annan stad, seier Torstein Kristiansen til Grannar.
— Eg trur ikkje noko før eg får sjå det, seier Kjersti Grindheim.