Politikare og byråkratar, kva med dei?

Snart får me og sjå kva partia skal arbeida med dei neste fire åra. I […]

Snart får me og sjå kva partia skal arbeida med dei neste fire åra. I partiprogramma til dei forskjellige partia er det fleire saker som er samanfallende med andre parti sine partiprogram. Som alt anna er desse partiprogramma ei rettesnor for det politiske arbeid framover.
Går ein attende i tid, vil ein bli overraska då ein der vil finna saker som har stått på partiprogram gjennom fleire valperiodar, utan at sakene er komne lenger enn på det respektive parti sine lister. Ser ein heilskapen i dette – eg vil kalla det eit spel – ser ein korleis det blir prioritert og korleis me skal ha det i ein kommune, og om kommunen blir ein ja eller nei kommune.
Men det er ikkje berre den politiske arena som talar sitt språk. Det er også noko ein kallar byråkratar. Dei er tilsett i dei respektive kommunar som skal forvalta og prioritera sakar, som òg er svært viktige for kommunen sin framgang og forvalting, om kommunen blir ein ja eller nei kommune. Ser ein samanhengen med dei som må velgast inn kvart fjerde år og byråkratane som er tilsett, vil eg tru det er noko som ikkje stemmer. Dette har samanheng med det arbeid som blir gjort av dei forskjellige avdelingar, som eg vil påstå i nokre tilfeller, ikkje kan sameinast med det faktiske forhold.
Korleis ein handhevar saker kan bli ein kommune sitt store problem dersom ikkje dei politiske styreorgana er samanfallande, der ein òg ser problema. Eksempel på dette er dei politiske vedtak som i saker som er delegert ned til å bli administrative.
Det er dessverre slik der ein i ein valperiode (4 år) har delegert saker, så blir dei verande der og dei politiske avgjerslene blir færre og færre. Dette kan ha stor tyding for ein kommune i svært mange saker. Der byråkratane har fått for stor makt i eit rådmanns/ordførar-velde. Dette er ei stor fallgrav politikarane skal vera klar over. Eg vil seia at det er som å gå tur i tjukk skodda og ikkje vita kvar ein er. Set ein seg ned og ventar til skodda lettar, kan ein få seg eit allvorleg sjokk og ein god smell.
Ser ein farane og signala rundt om i kommunane, bør dei politiske partia få på åremål dei leiande stillingane i kommunane for eksempel for ein fire- eller seksårs periode. Statlege direktorat har til dømesleiarstillingar på åremål, og det må også gå an og få dette til for kommunar. I statlege føretak blir så desse leiarstillingane lyste ut på det opne marknad etter at åremålet er over.
Innfører ein liknande system i kommunane, vil eg tru ein vil få ein heilt anna kommunestruktur. På same tid vil ein også få anna byråkratisk organisasjonsstruktur. Det vil stimulera til betre flyt i ein kommune der den politiske arena blir sidestilt med alt anna.

Ove Wiland
Skånevik