Over 70 ungdommar var til stades for å vere med og markere at det er over fem år sidan tilbodet om nettkafé starta i kjellaren på Enge bedehus.
— Kjekt at så mange møtte opp i kveld, seier leiar av Nettkafeen, Gerd Elin Kringlebotten.
— Det er nok kanskje litt fleire her i kveld, men det hender ofte at vi er så mange også ein vanleg kveld på Nettkafeen, held ho fram.
Kringlebotten er full av lovord over dei kjekke ungdommane, og av foreldra som stiller opp. Ho fortel også at dei har fått til ei ordning med Etne kommune ved at ein av lærlingane i barne-og ungdomsfaget er med som leiar på nettkafékveldane.
— Vi er veldig takksame for alle som har støtta oss i løpet av desse fem åra, både organisasjonar og næringsliv, seier Kringlebotten, og legg til at kveldens jubileumsmarsipankake er sponsa av soknerådet.
Sosialt tilbod
At ungdommane likar å gå på Nettkafeen forstår ein ut frå talet ungdommar som møter opp. Men kva er det som gjer dette tilbodet så populært?
— Eg likar meg veldig godt på Nettkafeen og er her stort sett kvar gong, seier Gunnar Magnus Stødle,
— Her bruker eg datamaskinen og treff venner, seier han.
Ha det sosialt, treffe venner, data, pizza, kjekke leiarar, biljard og bordtennis er stikkord som går igjen då me spør ungdommane om kva som gjer Nettkafeen så populær.
Set pris på andakt
Då Grannar var innom på fredag var det samlingsdelen som først stod på programmet. At så mange ungdommar i den rette «fjortisalderen» er rolege under andaktsstunda må kunne seiast å vere imponerande, og det er tydeleg at denne delen av kvelden på Nettkafeen er noko ungdommane set pris på. Det var også eit ønskje frå ungdommane sjølve å markere med eitt minutt stillhet den tragiske ulykka i Ølen i påskehelga, der ein 17-åring omkom. Deretter var det lystenning for dei som ville det, før pizza og kake gjekk ned på høgkant.
Populær femåring
Over 70 ungdommar var til stades for å vere med og markere at det er […]