Populær medielinje

— Vi har lyst å jobba med media. Mest sannsynleg filmproduksjon, seier Vegard Stana (17), […]

— Vi har lyst å jobba med media. Mest sannsynleg filmproduksjon, seier Vegard Stana (17), Inger Lise Kringlebotten (16) og Donna Silje Skogen (16).
Dei er tre elevane som har valt den nyoppstarta media og kommunikasjonslinja ved Etne vidaregåande skule. Donna Silje og Inger Lise bur i Etne, men Vegard kjem i frå Odda for å gå på linja. Alle gler seg til å ta fatt og fortel at dei ser fram til å jobba kreativt og prøve seg fram på ulike områder.
– Vi kjem til å jobba mykje praktisk og ha ein del prosjektarbeid. Det blir kjekkare enn å sitja ved ein skrivepult og lesa, slår dei fast. Likevel er dei ikkje heilt sikre på kva dei forventar av linja.
– Vi kjem nok til å læra mykje forskjellig og få eit godt grunnlag til å spesialisera oss innan alle typar media, trur Vegard.
Med maksimalt tolv elevplassar i klasser vonar dessutan elevane å få eit tett og samansveisa miljø.


Kreativitet

Linja er heilt ny både for skulen og for lærarane så det har vore mykje planlegging den siste tida. Kontaktlærar, Anne-Ma Eidhammer, beskriv grunntanken bak undervisninga slik:
– Elevane skal læra seg å vera kritiske, kreative, undrande, oppsøkjande og engasjerte. Desse er alle veldig viktige eigenskapar dersom ein skal jobba innan media, slår ho fast.
Eidhammer har sjølv utdanning og erfaring frå både media og undervisning, og heldt no på med hovudfag i forming der lyssetjing i film er tema.
Med seg som lærarar i mediefaga har ho Vegar Øyfoss og Stig Morten Sørheim. Dei har begge brei erfaring innan lydteknikk og musikk.
– Vi utfyller kvarandre på ein god måte. Der gutane har det meir praktiske, er eg meir teoretisk, slår Eidhammer fast.
Kurset skal dekkja alle slags retningar innan media og er meint som eit grunnlag for vidare utdanning.
– Vi skal innom alle typar media som blir brukt i dag. Foto, film, lyd, web, radio og så vidare, fortel Øyfoss.


Utstyr

Grunnkurset er lagt opp slik at elevane har mediefag tre dagar og dei ordinære skulefaga to dagar i veka på grunnkurset. På VKII skal det jamnast ut med fleire timar skulefag, på den måten kan det vera mogeleg å oppnå generell studiekompetanse.
— Det har nettopp blitt vedteke nokre forandringar når det gjeldt medielinja og studiekompetanse, men tidlegare har det vore slik at ein med det tredje påbygningsåret oppnår dette, opplyser inspektør ved Etne vidaregåande skule Arild Stenberg.
Lærarane jobbar ut frå ein satt læreplan og læremateriell og utstyr er på plass.
– Vi har fem digitale kamera, fem digitale videokamera, video- og lydredigeringsrom, mikrofonar, minidiscar og skal få oss fem speilreflekskamera, fortel Sørheim og Øyfoss.
Grunnkurset har base i posthuset, der også formgjevingsfag heldt til, og dei har tilgang til tretten datamaskinar der to er spesiallagd for video og musikk.
– I tillegg får kvar elev ein ekstern harddisk der dei kan lagra sine prosjekt, opplyser Øyfoss.
Både med tanke på utstyret og alle utfordringane ser både lærarar og elevar fram til eit lærerikt år.
– Det blir mykje nytt, men vi gler oss til å ta fatt, sluttar Sørheim.