Populær populær-konsert

Dirigent Per Olav Paulsen har sidan nyttår reist ein gong i veka frå Stord for […]

Dirigent Per Olav Paulsen har sidan nyttår reist ein gong i veka frå Stord for å øve inn repertoaret saman med medlemmene i musikklaget.
Og det er tydeleg at dirigent og korpsmedlemmer trivast i lag.
— Eg har vore på prosjekt her frå nyttår, og reist ein kveld i veka, pluss ei øvingshelg, fortel han. At han snart kjem igjen, ser han ikkje bort i frå, sjølv om konserten sette punktum for denne gong.
Korpset var i høve populær-konserten forsterka med tre leigesoldatar frå Haugesund og ein frå Stord, som konferansier Morten Odèen uttrykte seg.
Denne gong hadde Etne Musikklag valt musikk dei sjølve likar å spele, frå arkivet sitt. Eit repertoar som dei mange publikummarane også tydeleg visste å setje pris på.
Perler på ei snor
Her kom store namn som perler på ei snor. Namn som har vore med å setje preg på populærmusikken langt utover vår tid.
Først ute var Duke Ellington`s «Sophisticated Ladies». Desse perlene frå jazzen skapte ein stemningsfull opning før korpset tok oss med til ein av dei største i rocken si verd, sjølvaste kongen, Elvis Presley. Her rann perlene frå -50 og -60 talet ut som på ei snor frå «Love me tender» til «Girls, Girls, Girls».
Så var turen kome til blues, og her var det hitlåtar frå «The cream of Clapton» som stod på repertoaret, før korpset svingte i veg med Abba-låtar frå «Abba Gold». «Dancing Queen» «Mamma mia» og «Fernando» fekk dansefoten til å røre på seg.
I første avdeling var «Elton John favorites» siste innslag, og korpset kunne ta ei velfortent pause.
Medan heile korpset hadde briljert i første avdeling, vart det opna for meir bruk av solistar i andre avdeling med keltisk musikk «Cry of the celts». «Riverdance» opna med at Anita Jørstad Grindheim gjorde ein spennande entre på scena frå bak i salen med flygelhornet sitt. Elles hadde Linda Nonslid ein nydeleg obo solo og dyktige solistar på horn, var Rakel Øyerhamn og Stein Gunnar Sandvik.
Fortent applaus til Etne Musikklag nok ein gong!