Populær vri på julemesse

Det var fyrste gongen Skånevik idrettslag arrangerte julemesse med salsmesse i idrettshallen. Tidlegare i år […]

Det var fyrste gongen Skånevik idrettslag arrangerte julemesse med salsmesse i idrettshallen. Tidlegare i år har dei arrangert villmarksmesse med mange utstillarar, og dei ville nå prøva å gjere det same til jul.
— Dette året ville me prøva noko nytt med salsmesse i tillegg til alt det andre som stod på programmet, og det ser ut som at folk likar ideen vår, seier leiar for julemessa, Turid Straumsøy. Ho er godt nøgd med oppmøtet og sal på laurdagen og er sikker på at det kjem til å bli ein tradisjon i åra framover.
Dei fleste stader har dei vanlege julemesser som ikkje skil seg så mykje ut frå andre. Denne julemessa har allereie vorte populær, og folk kom eit stykke for å komma til Skånevik på julemessa. Fredag kveld var det også kyrkjekonsert i Skånevik kyrkje i samband med jul- og nissedagane. Der leverte Dagny Christophersen, Anne Grethe Rullestad, Karoline Taraldsøy og innslag frå skulen ein flott konsert.
— Det var omtrent heilt fullt i kyrkja, og me fekk alle ein god smak av jul, seier Straumsøy om konserten.
Nøgde utstillarar
Med mange besøkande og godt sal, var det vel inga overrasking at utstillarane var nøgde. Heile 24 utstillarar hadde samla seg tett i idrettshallen i Skånevik.
— Me har fått flest lokale utstillarar, men det kom også nokon heilt frå Austlandet, seier Turid Straumsøy, som er glad over at så mange vil ha sin stand på julemessa.
Hansine Endresen og Helen Hansen kom frå Austlandet med sine heimelaga nissar og juleting.
— Eg fekk tips frå dottera mi om denne utstillinga. Sidan eg har budd på Karmøy før, så verka det spanande å ta turen til Vestlandet med utstillinga, seier Helen Hansen, som for tida bur i Harstad. Ho hadde saman med systera Hansine Endresen laga mange nissar og juleting som passar inn i alle heimar.
— Det har vore bra interesse på standen vår, og mange nissar har allereie funne seg ny heim, seier Hansen. Dei to venninnene reiser nå rundt på mange julemesser for å prøve å selje resultatet av ein tidkrevjande hobby. Gro Aasheim Bøthun var også fornøgd med messa. Ho hadde heile laurdagen hatt ein jamn straum av folk som kom innom standen hennar. Med seg frå butikken, Skånevik blomster og gaver, hadde ho julepynt av mange ulike slag.
— Det som folk har kjøpt mest av er nissar og lys. Spesielt telys-haldarar, seier Bøthun.
— Men eg får jo ikkje tid til å gå rundt å sjå sjølv når det er så mykje folk på vår stand, smiler ho.
Også for ungar
Til julemessa kunne du dra med deg heile familien i alle aldrar. Her var det også spesielt lagt opp program for ungane heile dagen. Ved barnehagen i Skånevik var det eigen nisseleir. To gonger om dagen vart det fortalt eventyr i leiren, og ungane sat stille som mus og lytta. Då eventyret var ferdig flokka dei seg rundt bålet for å grilla pølser og drikka kakao. Utanom dette kunne ungane få seg ein ridetur på ein av hestane som var ved leiren. Dette var populært, og alle fekk seg ein ridetur eller to i laupet av dagen. Det gjekk også skyss til og frå idrettshallen med hest og kjerre for ungane som ville ut på ein skikkeleg nissetur.
Musikklaget spela
For Turid Straumsøy var det veldig kjekt at Skånevik musikklag stilte opp og spela på julemessa.
— Det minkar av med medlemmer i musikklaget, så det var kjekt dei som nå er med kunne koma og spela for oss, seier Turid Straumsøy. Ho ser heller ikkje vekk frå at dette kan vera god reklame for musikklaget for å få tak i nye medlemmar. Utover laurdagen var det også demonstrasjon i blomsterdekorering på scenen i idrettshallen med nyttige tips til å laga juledekorasjon.